Kartet nedanfor syner kvar vegen er stengt. Det vil framleis vere tilkomst til fv. 55 i sørvest.

Vegen blir stengt fordi eksisterande støttemurar på nedsida av vegen skal fjernast, før det blir etablert nye natursteinsmurar. Arbeidet omfattar òg masseutskifting, dreneringstiltak, asfaltering og utskifting av rekkverk.


Angåande skuleskyss:

Entreprenør vil vera behjelpeleg med å passe på at skuleungdom kan passere anlegget på morgonen (7 og 8 tida) og om ettermiddagen.

Viktig: Ungdom som skal passere anlegget må vente til dei får  kontakt med maskinførar før dei passerer gjennom anlegget! Entreprenør skal passe på at passeringa går føre seg i trygt!

Det er berre opna opp for at ungdom i området Joranger/Kjørlaug, som skal til og frå skulane i Sogndal, skal kunne passere anleggsområdet morgon og ettermiddag for å bli plukka opp av skulebussen ved Geitaneset . All annan ferdsel skal gå via Lambhaug.

 

Eventuelle endringar i stengetider vil bli varsla gjennom trafikkmeldingar på www.175.no.
 

Kart som viser vegstenging Indre Hafslo