I TINE vert kvaliteten på all mjølk som blir levert inn til meieriet målt. Den beste mjølka vert klassifisert som særs god, og bønder som klarar å levere denne kvaliteten ved kvar einaste henting, vert heidra med 5 års plakett, 10 års plakett, Sølvtine eller Mjølkespann. For å få tildelt Sølvtine må ein levere særs god mjølkekvalitet kvar einaste dag i 15 år og for Mjølkespann krevjast tilsvarande i 25 år.


Gir tilbake til lokalsamfunnet

Bak utmerkingane ligg det tallause timar med lidenskap og hardt arbeid. Mjølkebøndene som levera særs god mjølkekvalitet kvar dag i ei årrekke, bidreg til eit levande Noreg, for utanfor eigen drift, skapar dei 2,5 årsverk, ifølgje ein rapport frå Samfunnsøkonomisk Analyse (2022).

I Vestland aleine utgjer TINE-bonden si verdiskaping 2 120 millionar kroner og bidreg til 2630 årsverk totalt (tall frå 2022). Å levere mjølk av særs god kvalitet kvar einaste dag i ei årrekke krev mykje hardt arbeid, og ikkje minst lidenskap for det ein driv med. Ingenting kjem gratis.

På toppen av det bidreg bonden til å oppretthalde norsk kulturlandskap, lokal arbeidskraft, levande lokalsamfunn og til å forsyne det norske folk med kortreiste meieriprodukt i verdsklasse. Samtidig som vi har blant verdas friskaste dyr - og det kjem ikkje av seg sjølv. Det krev godt dyrehald, framtidsretta tankesett og kunnskap om det ein driv med.

Tysdag 27. februar arrangerte mjølkeprodusentane i Luster årssamling i sitt lokallag i TINE på Eikum Hotell. Der vart kollegaer heidra for særs god mjølkekvalitet, 40 mjølkeprodusentar i Luster møtte opp.


Utmerkingar i Luster produsentlag


5 års plakett: 

  • Bente Helene Skildheim Nes og Vidar Nes
  • Daniel Solheim og Grethe K. Leirdal

10 års plakett: 

  • Øvre Vigdal
  • Albert Slagstad Høyheim

Sølvtine (15 år):

  • Olav L. Hatlevoll

 

Litt fakta:

  • Både Sølvtine-prisen og Mjølkespannet er laga av ekte sølv hjå gullsmed Th. Martinsen i Tønsberg.
  • Mjølka vert målt etter ulike kriterium som mellom anna nivå av celletal som fortel om jurhelsa, bakterienivå som fortel om hygiene i fjøsdrifta og mjølkestellet og frie feittsyrer som fortel om smaken på mjølka. Mjølka må vere fri for medisinrestar og dette vert kontrollert ved kvar mjølkehenting. For å sikre god mjølk i butikken testar TINE kvaliteten på mjølka åtte gongar gjennom heile verdikjeda, frå fjøsen og fram til butikk.
  • Målet med heidersprisane er å påskjønne dyktige mjølkeprodusentar og auke interessa for godt fjøsstell, god gardsdrift og levering av mjølk med særleg god kvalitet.
  • I Vestland er det totalt 75 utmerkingar som vert delt ut i år.