Planprogram for kommunedelplan naturmangfald 

Planen skal handsamast i samsvar med plan- og bygningslova § 11-1 og 11-2.


Mål med planen:

Hovudmål med planen er å samle kunnskap om naturmangfaldet i kommunen slik at ein kan gjera bevisste vedtak som verkar inn på det framtidige naturmangfaldet i kommunen vår. Store deler av kommunen er verna, men dei fleste av desse områda ligg eit godt stykke frå der folk bur. I tillegg til slike spesielt verdifulle område er det viktig å ta vare på område som er spesielle for oss i Luster, slik som naturtypar me har lite av i kommunen og naturområde som er lokalt viktige og som ligg nær skular, bustadfelt og som ofte er trua av vidare utbygging. Ofte er det også små grep som skal til for å bevare og auke naturmangfaldet i sentrumsnære grøntområde. Det er eit hovudmål at arbeidet med naturmangfaldet i kommunen skal verte lokalt forankra og at planen har ein handlingsplan med prioriterte tiltak i planperioden.

Me må ta vare på naturmangfaldet i kommunen gjennom berekraftig bruk og vern. Naturen og naturmangfaldet er livsgrunnlaget vårt og gir også grunnlag for god helse og trivsel. Naturverdiane og naturmangfaldet må i størst mogleg grad takast vare på til glede og nytte for innbyggjarane i kommunen i dag og for framtidige generasjonar. Tapt natur og naturmangfald kan vanskeleg erstattast. Strategiar for å nå målet finn du i planprogrammet.


Har du innspel?

Omsynet til lokaldemokrati og høve til medverknad er viktig og me ber difor innbyggjarar og fagpersonar om å engasjere seg i planarbeidet og komme med innspel tidleg i planfasen. Merknader til planprogrammet og innspel til planen Innspel kan sendast på innspelskjema som du finn her eller på e-post til postmottak@luster.kommune.no. Frist for å sende inn merknader og innspel er 30. mai 2021.

Har du spørsmål som gjeld planen kan desse rettast til Aina-Elise.Stokkenes@luster.kommune.no eller inger.handegard@luster.kommune.no

 

Aktuelle lenkjer:

Informasjon om naturmangfald frå Regjeringa

Informasjon om verdien av naturgoder frå Regjeringa

Miljøverndirektoratet sin vegleiar for utarbeiding av kommunedelplan naturmangfald

Artsdatabanken – kunnskapsbank for naturmangfald

Artsorakelet – kunstig intelligens kan hjelpe deg å identifisere kva art du har funne i naturen