Luster kommune har den siste tida fått inn fleire meldingar om hundar som ikkje har vore under kontroll. Me minnar i den forbindelse om hundelova § 4, 1 ledd.

«Hundeholderen skal opptre hensynsfullt. Utenom båndtvangstider kan hunder bare være løse under tilsyn og kontroll som i størst mulig grad forebygger og forhindrer skader på eller ulemper for mennesker, husdyr, tamrein, vilt eller eiendom. Det skal vises særlig hensyn overfor barn og hunder som utfører en tjeneste». Om vinteren er viltet sårbare. Hundar skal derfor alltid holdast under tilsyn slik at det så vidt så mogleg hindrast frå å driva å forfølgja vilt.

Bandtvang i Luster kommune er frå 1.april til og med 1.novebmer i dei områda der husdyr har rett til å beite og faktisk beitar. Rådmannen kan innføre ekstraordinær bandtvang for heile eller delar av kommunen for å verne vilt og bufe dersom tilhøva tilseier at der naudsynt. Inntil vidare er ikkje dette aktuelt.

Forskrift for bandtvang av hund, Luster