Prosjektet er eit samarbeid mellom dei lokale, frivillige organisasjonane Hafslo sogelag og Folkeakademiet Luster. Luster kommune si kulturavdeling er koordinator og utviklar regiplanar for prosjektet sine filmprosjekt.


Kulturen i Naturen har minst 2 føremål:

  1. å bruke film og foto i tillegg til munnlege presentasjonar og intervju som dokumentasjon på kulturarven i området Luster kommune
  2. å styrke kunnskapen og identitetskjensla til lustringane generelt. Spesielt dei yngre årsklassane vil kunna ha nytte av film gjennom program til skulebruk i t.d. Den Kulturelle Skulesekken. Filmane vil også vera aktuelle hjelpemiddel til elevar og studentar som arbeidar med eit spesielt tema.

 

Prosjektgruppa har vore repr. frå dei partane står bak prosjektet Kulturen i Naturen:  

Svein Solheim (leiar i Hafslo sogelag) og Mary Aasen (leiar i Folkeakedemiet Luster).  Odd Atle Stegegjerdet og Erling Bjørnetun representerer Luster kommune. Teknisk prosjektleiar har vore Karl Stefan Åberg. Delprosjekta vert leia av prosjektleiaren og ei ressursgruppe på 3 personar.

Ideen med Kulturen i Naturen er å læra noko konkret om det som er rundt oss i våre nærmiljø, i nabobygda og i heile Luster kommune. Sjå filmane og lær meir om kulturarven vår med rot i Lustranaturen! I denne videoen kan du sjå klipp frå Enjadalsvegen, Breisete, Munthehuset, Feigum mølle, Bustudl, Brimkjelen og Wittgenstein i Skjolden. Seinare produksjonar er også omtala og enkelte vist klipp frå. Prosjektet Kulturen i Naturen, med alle filmtittlane, er komplett innan utgangen av 2023.

Ideen er også å få framheva det visuelle bilete av naturgjevne kvalitetar som på sin særeigne måte er kopla til dei kulturelle verdiane som vert formidla. På denne måten vil eit slikt prosjekt kunne dekke fleire delmål: god marknadsføring, underhaldning, identitetsskaping og som verktøy for læring. Kunnskapsformidlinga i prosjektet vil vera viktig på sin måte. Både tradisjonar, historia i seg sjøl og den forma formidlinga har opnar opp for ei forståing som ikkje er gjort tilgjengeleg før.

Publiseringa av filmane vil skje på You Tube etter denne planen (dei som er publiserte har lenkje til Youtube):

  1.  Velkomen til Kulturen i Naturen! - litt om korleis kanalen på YouTube fungerer og sjå klipp frå filmane
  2.  Engjadalsvegen, fjellvegen opp frå Gaupne til Engjadalen
  3.  Feigum mølle, historia om bygdemølla under Feigumsfossen. Her får du også læra meir om "Profet-skulen" som Hans Feigum organiserte på loftet i Feigum mølle.
  4.  Breisete - jubileumsfilmen til Jostedal helselag om buforingsvegen og livet på stølen
  5.   Stølskulturen, bakgrunnen for, og om, stølen som viktig del av matprodksjonen
  6.   Solvornstrondi, historia om strandsitjaren og strandsona i ei fjordbygd
  7.   Munthehuset, om kunstnarsenteret i Ytre Kroken som også var husmorskule
  8.   Wittgenstein i Skjolden, bakgrunnen for, og om, den verdskjente filosofen sitt tilhøve til Skjolden
  9.   Samferdsle, bygt på historia om båt-, bil- og buss-transport i Luster kommune
  10.   Livet til lustringar før oss, bygt på historia om arkeologiske funn i Luster kommune
  11.   Bustudl, om populære barneleikar i Luster
  12.  Brimkjelen, eit naturfenomen som endra store landskap