Bakgrunnen for den kommunale kulturprisen har vore, og er framleis, å gje betre vilkår for kulturarbeidarar i kommunen. Den er òg meint å vera til  inspirasjon for alle som driv aktivt kulturarbeid. Kulturprisen skal særleg vera ein honnør for oppofrande kulturarbeid.

Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, organisasjonar eller institusjonar som har utmerka seg i særleg positiv kulturell samanheng.

Kulturprisen blir delt ut kvart år, så sant det finst høvelege kandidatar. Luster kommune har delt ut kulturpris sidan 1985. 

Kulturprisen skal ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning.  Saman med eit diplom er kulturprisen også ein gåvesjekk på kr 15 000 og ei blomsterhelsing.


I nominasjonen av kandidaten til årets kulturpris heiter det: 

Ho står på for bygda og for kommunen. Enten det er Helselaget eller Folkeakademiet eller hjelp med noko som skal skje, så er ho alltid lett å spørje, og når ho er med då skjer det. 

Ho har og vore mykje med i filmprosjekta om Kulturen i Naturen i Luster Kommune, der dei snart er i mål med å lage ti filmar.

Ho har unik kunnskap om lokalmat, bidreg med sin kompetanse både i møte med flyktningar, skule, barnehage og generelt på arrangement. Det bør og nemnast at ho stiller opp på omsorgssentera rundt om og spreier glede om tradisjonsmat til bebuarane.

Kandidaten vår har gjennom ei årrekke vore aktiv innan arbeid i frivillige organisasjonar. 

Ho har vore leiar samanhengande i 40 år, for eitt og to frivillig lag i året.

Fyrst var ho leiar i husflidlaget for heile kommunen og ho var sjef for husflidmessa ei rekkje år.

Ho har vore leiar for Jostedal skule og ungdomskorps og stemnegeneral for korpsstemna når korpset hadde 15 års jubileum.

Ho var med å starta opp att Folkeakademiet Luster og er framleis leiar der i tillegg til at ho er leiar i Jostedal Helselag. Til Helselaget sitt 100 årsjubileum var ho med å laga film om stølslivet på stølen Breisete. Ho har og vore svært delaktig i filmen Vatn som dokumenterer flaumen i Jostedalen i 1979 og livet etterpå.

Det skal også leggjast til at ho alltid er positiv og ei ekte Ja-dame for bygda si og for resten av kommunen. I nominasjonen er det streka under at: kandidaten vår får kulturprisen for innsats for frivillig arbeid og formidling av kulturarv.
 
Det er med bakgrunn i dette at Luster kommune i år har vedteke å gje kulturprisen til deg:  Mary Aasen.