Ledige stillingar

Luster kommune nyttar Visma EasyCruit til rekruttering.

E-postar frå EasyCruit kjem ofte i søppelpost, så om du har søkt på ein stilling og ventar på tilbakemelding; sjekk søppelpost! Dette gjeld også andre varsel frå EasyCruit.

Søknader vert lagra i EasyCruit i 1 år. Om du søkjer på fleire stillingar i kommunen innan 1 år, kan du finne att brukaren og søknaden din, og bruke opp att opplysningane. Om det er meir enn 1 år må du lage ny brukar og registrere alt på nytt. Denne avgrensinga er for å sikre ditt personvern.


Me lyser ut nokre stillingar internt. Her er det berre tilsette i Luster kommune som kan søkje.

Interne utlysingar for tilsette


Tilsetjing i Luster kommune

Brukar i Visma EasyCruit

Me anbefalar å laga ein brukar slik at ein kan nytte registrert CV til fleire søknadar om det er aktuelt. 
Som brukarnamn anbefalar me å nytte di e-postadresse.
Er du interessert i fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. 
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. 
Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. 

Offentleg søkjarliste

Når søknadsfristen er utgått vil det bli produsert ei liste over alle søkjarar med namn, alder, bustadkommune og tittel i noverande stilling.
Denne lista er ei offentleg søkjarliste og vert ikkje publisert på heimesida, men alle kan be om innsyn i den.

Det vert og produsert ei utvida søkjarliste, med detaljar frå alle søkjarar. Denne kan kun gis innsyn i til dei som har søkt på stillinga.

I starten av søknadsskjemaet under Personalia får du spørsmål "Ønskjer du å reservere deg frå registrering i offentleg søkjarliste?"
Om du på dette spørsmålet svara Ja, må du fylle inn grunngjeving lenger ned i skjemaet.

Grunngjevinga vert vurdert av Luster kommune og om den ikkje stettar krava for unnatak frå offentlegheit vil du bli kontakta.

Jamfør offl. lova § 25.Unntak for tilsetjingssaker, lønnsoppgåver m.m.

Utvida søkjarliste

Som søkjar til stilling har du rett til å sjå utvida søkjarliste på stillinga du har søkt på.
Send e-post til postmottak@luster.kommune.no om du ynskjer innsyn i utvida søkjarliste.​

Personvern

Føremålet med Easycruit er å forenkle rekrutteringsprosessen til Luster kommune og mogeleggjere effektive vurderingar av kommunikasjon med søkjarane i samband med dette. Som ein del av bruken av Easycruit tek Luster kommune imot personopplysingar frå søkjarane. Luster kommune handsamar slike personopplysingar som ein del av vurderinga av søkjaren sine ferdigheiter og evner og om vedkommande eignar seg for den utlyste stillinga. Søkjarane kan nytte funksjonane for profilredigering i Easycruit-kontoane sine til å slette, laste opp og redigere informasjon.

Søkjarane kan til ei kvar tid ta kontakt med Luster kommune for å utøve retten til tilgang, retting eller sletting av personopplysingar, eller for å avgrense handsaminga som er knytt til søkjaren, eller for å motsetje seg handsaminga, i tillegg til retten til dataflyttbarheit. Søkjarane har også rett til å sende klage til datatilsynsmyndigheitene med omsyn til handsaminga av personopplysingane.