I Norge er det lite hardt vatn, men det kan vere tilstades i visse grunnvasskjelder med kalkrik berggrunn. Målingar i Luster kommune viser generelt svært låge verdiar av kalsium og magnesium, døme på dette er analysane frå Hafslo vassverk, som er overflatevatn med meget blautt vatn, sjå tabell under.

Drikkevassforskrifta set ikkje krav til måling av kalsium eller magnesium i vatnet då det ikkje er helsemessige problem med hardt vatn.

Måling av vatnet sin hardheit vert for Norge normalt oppgjett i tyske hardhetsgrader (dH°) eller i mg Ca/l.

Meget blautt vatn 0 - 15 mg Ca/l

Blautt vatn 15 - 35

Middels hardt vatn 35 - 70

Hardt vatn 70 - 150

Meget hardt vatn > 150

 

Bruksmessige problem vert særleg merkbare når kalsiuminnhaldet overstig 25 mg Ca/l og problema auka ettersom hardheita auka. Eit optimalt innhald av kalsium vil normalt ligge mellom 15-25 mg Ca/l.

Har ein hardt vatn som inneheld mykje kalsium og magnesium kan det gje gråkvitt belegg på glas, kjeler, i kaffitraktere eller oppvaskmaskiner. Slike avleiringar kan føre til energitap og skade på elektriske varmeelement. Ein kan og merke at såpe vil skumme dårleg. Blautt vatn inneheld mindre kalsium og magnesium, vatnet vil skumme betre og vere meir effektivt.

Luster kommune har ein del analyseresultat i arkivet, om ein ønskjer å sjekke dagens innhald av kalsium i eige drikkevatn er det mogleg å kontakte mellom anna Sognlab i Sogndal.