Anne Grete Fredheim.jpgNår ein person får demensdiagnose av legen, vil han/ho innan kort tid, om det er ønskeleg, bli kontakta av demenskoordinatoren i kommunen. Demenskoordinatoren vert den som føljer opp person med diagnosen demens og dei pårørande om dei har spørsmål, eller berre treng nokon å snakke med om ulike problemstillingar som oppstår.

Demenskoordinatoren sine oppgåver vil, i tillegg til å følje opp dei som har fått diagnosen demens, vere å informere dei om ulike tenester dei kan søke på og hjelpe til med å samordne desse tenestene til beste for brukarar og pårørande. Døme på tenester er:

Dagtilbod:
Kommunen har eit tilbod på Hafslo måndag – onsdag – fredag kl. 09.00 – 15.00 for heimebuande  som har diagnosen demens. Her vert ein henta og bringa heim av personalet som jobbar på dagsenteret. På dagsenteret driv ein med ulike aktivitetar inne og ute. Det vert servert frukost og varm lunsj kvar dag.

Velferdsteknologi/hjelpemiddel:
Det finst mange ulike hjelpemiddel som kan gjere kvardagen enklare å meistre. Døme på dette er GPS og elektronisk kalender. Koordinator kan setje deg i kontakt med ergoterapeut, og kan saman med han hjelpe deg med å finne ut kva hjelpemiddel du kan ha nytte av, og hjelpe deg med å skaffe/søkje om desse

Støttekontakt/aktivitetsvenn:
Demenskoordinatoren kan informere deg, og hjelpa med å søke om denne tenesta viss du treng hjelp til å kome deg ut.

Rettigheiter:
Koordinator kan hjelpe deg/dykk med å finne ut kva rettigheiter du/de har i høve ulike stønadsordningar.

Heimesjukepleie/heimehjelp:
Demenskoordinatoren kan opprette kontakt mellom heimesjukepleien og den med diagnosen demens når behovet oppstår.
Demenskoordinatoren vil også kunna hjelpa med å skaffe informasjon om demens i form av brosjyrar, nettsider, foreiningar og liknande.

Kontaktinfo Luster kommune sin demenskoordinator:  
Anne Grete Fredheim
Tlf. 404 06 803
Kontakttida er onsdagar og fredagar kl. 08.00 – 15.00