Om Hogwarts skule

Hogwarts har skule for 1-7.klasse i Sognefjorden.
Skuleåret 2020-2021 har 128 elevar tilhaldsstad her.

Skulemiljø

Mobbeombodet, oppslag

Mobbeombodet

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no
Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/mobbeombod).

Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp, på http://www.vlfk.no/mobbeombodet

Ordensreglar Gaupne skule

Ordensreglar for elevar i grunnskulen i Luster, revidert 2018

Ny §9a i Opplæringslova

Infoskriv_foreldre_nytt-9A-regelverk_august2017.pdf

Informasjon til føresette i skulane i Luster kommune

Alle elevar har rett til ein trygg og god skulekvardag utan mobbing og plaging

Frå 1. august trer nye reglar i kraft for elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø.

§9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette vil alle tilsette på skulen ha ansvar for.

Det vert no tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og at reglane skal gjelda både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

På denne måten seier regjeringa klart ifrå om at mobbing ikkje skal skje og at det skal nytta å seia ifrå. Dersom elev eller føresette seier frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen har de som føresette lov å påverka.

Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke, kan eleven eller foreldra kontakta fylkesmannen. Fylkesmannen vil då avgjera om skulen har gjort det dei skal. Viss ikkje kan fylkesmannen bestemma kva skulen skal gjera for å sikra elevane sine rettar. Elevar og føresette kan klaga , men kommunen som skuleeigar har ikkje klagerett. Viss skulen ikkje gjer det dei skal, kan kommunen få dagbøter.

Skulen skal

Følge med og varsle

Gripe inn

Undersøke

Sette inn tiltak

Dokumentere

På lenkene nedanfor kan de lesa meir om læringsmiljø og mobbing:

https://www.udir.no/nullmobbing/

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/laringsmiljo/mobbing-og-andre-krenkelser/

https://www.regjeringen.no/no/tema/utdanning/grunnopplaring/artikler/laringsmiljo-og-mobbing/id2353806/

www.barneombudet.no

Råd og utval

SU/SMU

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld SU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Samarbeidsutval (SU): 

  • Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.
  • Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

 Medlemmer av Samarbeidsutvalet 2019-20:

  • Representantar frå FAU:​ Christianne Kvam og Ann Kristin Sperle
  • Representantar frå Elevrådet: Stina Bukve Gunnestad og Jan Daniel Olsen
  • Representantar frå undervisingspersonalet: ​​Anne Perlaug Fossøy og Ragnhild Stangeland (Nøkkelperson Olweus) 
  • Representant frå øvrige tilsette: Berit Lad (SFO)
  • Representant frå kommunestyret: Gunn Beate Thorsnes Lefdal, vara:
  • Ekstra representantar i skulemiljøutvalet: Camilla Therese Leirdal (FAU) og Johanne Fristad (Elevrådet)

FAU

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld FAU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Foreldreråd (FAU):
  • På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
  • Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
  • Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Foreldregruppa i kvar klasse vel ein klassekontakt og ein vara for denne. Desse to er tillitsvalde foreldre i klassen og har som oppgåve å vere felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. FAU ved Gaupne skule består av alle klassekontaktene frå 1. - 7. klasse. FAU møtes fleire gonger i løpet av skuleåret for å jobbe med saker som vedkjem samarbeidet mellom heim/ skule og andre saker som kan betre situasjonen for borna våre. FAU vel eit styre. Frå dette styret møter leiar og nestleiar i samarbeidsutvalget (SU) for Gaupne skule.

FAU skuleåret 2019-2020:

  • Leiar:
    Ann Kristin Sperle, klassekontakt 5. klasse
  • Nestleiar:
    Christianne Kvam, klassekontakt 4. klasse
  • Skrivar:
    Anne Grethe Leirdal, klassekontakt 3. klasse
  • Kasserar:
    Randi Aarøy, klassekontakt 7. klasse
  • Medlemer:
    Camilla Therese Leirdal, klassekontakt 2. klasse
    Camilla Steinset Teigen, klassekontakt 1. klasse
    Tone Thomassen, klassekontakt 6. klasse

Arbeidsoppgåvene for FAU dette skuleåret vert i hovudsak å arrangere aktivitetar i klassane, samt den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.

Samarbeid med heimen

Foreldrehefte skuleåret 2020-2021

Visma Flyt Skole

Rettleiing til foreldrepålogging i Visma flyt skole, finn de her

 

FORELDREUTVALGET FOR GRUNNOPPLÆRINGEN (FUG)

FUG har svært gode nettsider som kan vere til nytte for alle som er foreldre til elevar i grunnskulen.

http://www.fug.no

Samarbeid heim-skule

Skulen ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.
 
Alle elevane får utdelt leksemappe i starten av skuleåret. Det er viktig at foreldra held seg oppdaterte ved å sjå i den. Elevane får vekeplan kvar veke og bolkplan m/bolkinfo kvar sjette veke. På desse planane vil ein i tillegg til timeplan, vekemål og lekser, også få informasjon om t.d. turar, konsertar og andre planlagde aktivitetar. Fellesskriv vil bli kopiert opp i eitt eksemplar til kvar heim, sjølv om ein har fleire born ved skulen. Skrivet vert då delt ut til det yngste barnet dykkar.
 
Når foreldra til eleven ikkje bur saman, sender me heim informasjon til den av foreldra som har det daglege ansvaret. Dersom begge ynskjer informasjon, kan dei gje melding til kontaktlærar om dette.
 
Føresette skal i utgangspunktet nytte meldingsbok til meldingar, men det er og mogeleg å ringe forkontoret (57 68 57 40). Ein kan og sende SMS til barnet sin kontaktlærar, men det kan då ta litt tid før meldinga vert lese. Dersom eleven er sjuk er det ynskjeleg at de ringer/sender sms /gir beskjed om dette til skulen. Fråvær skal alltid skrivast i meldingsbok, rett etter at eleven er kommen på skulen att. Dette gjeld sjølv om føresette har ringt til skulen og sagt frå om at barnet vert heime.
 
Foreldremøte
Alle klassar har foreldremøte i byrjinga av skuleåret. Då går lærarane i klassen gjennom mellom anna felles reglar og ordensreglement, klassen sine reglar og rutinar, «Dette forventar skulen av deg», korleis ein arbeider med læringsmiljø i klassen, elevane sine rettar i høve til Opplæringslova §9a, skulen sine satsingsområde, Olweus årshjul og drøftar foreldresamarbeidet i klassen. 1., 2., 4. og 6.klasse har val av klassekontakt og vara for denne. Desse to er tillitsvalde i klassen og har som oppgåve å vera felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. Klassekontaktane i 1. klasse er vald for eitt år, dei andre for to.
 
I veke 7 er det alltid storforeldremøte på Gaupne skule. Alle heimane får skriftleg innkalling med svarslipp i god tid på førehand. Møtet vert starta med ein gjennomgang av resultatet på årets Olweus-trivselsundersøking, deretter vert det presentasjon av eit tema som vert utgangspunkt for eit gruppearbeid. Gruppene er inndelte på førehand, og ein tek omsyn til at alle klassar skal vere representerte på kvar gruppe. Erfaringa har vore at diskusjonane på gruppene har vore svært fruktbare, og skulen har fått mange gode innspel.
 
17.mai-komitè
 I Gaupne er det foreldra til 6.klasse som er heile bygda sin 17.maikomitè. Dei plar ha sitt fyrste møte i overgangen februar/mars, og ein frå førre års komitè plar vere til stades for å gi den informasjonen som trengs. Overskotet går til 6.klassen si reisekasse, turen til Bergen i 7.klasse.
 
Utviklingssamtalar
To gonger i året vert føresette invitert til utviklingssamtale/foreldresamtale saman med kontaktlærar. Eleven kan vere med på heile eller deler av samtalen. Ein går gjennom eleven si mappe og eleven si faglege og sosiale utvikling. Ein set i fellesskap opp mål for vidare utvikling.