Om Indre Hafslo oppvekstsenter

Indre Hafslo oppvekstsenter har skule 1.-7. klasse og barnehage.
Skulen har også SFO som har ope frå 07.30-09.00 og til 16.30 på ettermiddagen.

Barnehagen er godkjent for 36 plassar i alderen 0-5 år.
Opningstid barnehagen kl. 07.30 - 16.30

Skulemiljø

Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette har alle tilsette på skulen ansvar for.

§9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og reglane skal gjelda både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

Skulen si aktivitetsplikt skal sikra elevane eit trygt og godt skulemiljø. Aktivitetsplikta har desse delpliktene:

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Når du melder frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen undersøkja saka, lytta til eleven, samarbeida med føresette og setja inn tiltak når det er behov for det (aktivitetsplan). 

Ta kontakt med skulen; kontaktlærar eller rektor, dersom du opplever at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Du kan også kontakta helsestasjonen på telefonnummer 57 68 56 05.

Statsforvaltaren i Vestland
Dersom elev eller føresette seier frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan (aktivitetsplan) som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen har føresette høve til å påverka. Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke, kan eleven eller føresette kontakta Statsforvaltaren, som vurderer om skulen har gjort det den skal.  

Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland

Ein trygg skuledag utan mobbing

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Informasjon om mobbeombodet i Vestland

 

Andre aktuelle nettstader

Utdanningsdirektoratet:
Skolemiljø
Mobbing og mistrivsel – kva skal skolen gjera?
Nullmobbing (nullmobbing.no)

Senter for IKT i utdanningen si nettside om personvern, nettvett og digital dømmekraft:
http://www.dubestemmer.no/v

Barnehagemiljø

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø. Barnehagen skal arbeida kontinuerleg for å fremja helsa, trivselen, leiken og læringa til borna.

Eit godt barnehagemiljø handlar mellom anna om at barnet er inkludert i barnegruppa og opplever å vera betydningsfull for fellesskapet. Det å gå i barnehagen skal vera ei positiv oppleving og noko barnet ser fram til. Alle som arbeider i barnehagen skal gripa inn når eit barn i barnehagen vert utsett for krenkingar som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering. Dersom eit barn ikkje har det trygt og godt, skal dei tilsette melda frå til styrar. Barnehagen skal undersøkja saka og setja inn tiltak.

Delpliktene i aktivitetsplikten er: 

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Les meir om barnehagen si aktivitetsplikt

Viss du mistenkjer eller opplever at barnet ditt vert mobba eller utsett for krenkingar, ta kontakt med leiinga i barnehagen.

Foreldreutvalet for barnehagar har laga eit hefte om kva tilsette og føresette kan gjera for å arbeida mot mobbing i barnehagen. Heftet er også tilgjengeleg på engelsk, polsk, somali, tigrinya og andre språk. 

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Informasjon om mobbeombodet i Vestland

 

Andre aktuelle nettstader

Utdanningsdirektoratet: 
Barnehagemiljø 
Nullmobbing (nullmobbing.no)

Samarbeid med heimen

Skulen/Oppvekstsenteret ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.

Alle elevane får utdelt leksemappe i starten av skuleåret. Det er viktig at foreldra held seg oppdaterte ved å sjå i den. Elevane får vekeplan kvar veke. På desse planane vil ein i tillegg til timeplan, vekemål og lekser, også få informasjon om t.d. turar, konsertar og andre planlagde aktivitetar. Dette kjem òg som info via Visma Flyt Skole.

 

Føresettportalen - Visma Flyt Skule/Visma Flyt Barnehage  
Luster kommune brukar Visma Flyt Skule som skuleadministrativt system. For barnehage nyttar ein tilsvarande system; Visma Flyt Barnehage. Tilsette og føresette kan logga seg inn den tilhøyrande app`en Foresatteportalen og enkelt senda meldingar mellom heim og skule/barnehage. Føresette loggar inn med ID-porten. 
 
Foreldremøte
Skulen og barnehagen har kvart sitt foreldremøte i byrjinga av skule-/barnehageåret, og i tillegg har kvar av klassane på skulen eit klasseforeldremøte i midten av september. 

På våren er det eit tema-foreldremøte i samarbeid med FAU.
 

Utviklingssamtalar
To gonger i året vert føresette invitert til utviklingssamtale/foreldresamtale saman med ped.leiar/kontaktlærar. I barnehagen er det berre med foreldra, på skulen er eleven òg med på samtalen.