Byggefeltet Beheim 2 vart regulert i 2010 som ei utviding av det eldre byggefeltet Beheim. Det er den nedre delen av feltet som er tilrettelagt for utbygging slik i første omgang. Tomtestorleiken varierer frå vel 500 m2 til over 900 m2. Feltet ligg flott til ca. 225 m over havet med utsyn over Hafslo sentrum og Hafslovatnet. Feltet vender mot sør-aust og har mykje sol heile året.

Feltet ligg i gangavstand til butikk, barnehage og skule. Frå feltet er det 700 m til butikk og 800 m til barnehage og skule. Det er ca. 800 m til busshaldeplass. Feltet ligg ca. 15 km frå kommunesenteret Gaupne, 3 km frå Heggmyrane skisenter og 19 km frå Sogndal.

Pris på einebustadtomt 529 000 kr
T1 -  2 122 000kr
T2 - 3 183 000 kr

Kart-tomter.JPG

Ledige tomter i feltet

Tomt T1 Tomt T2 Tomt 18 Tomt 19 Tomt 20   

Tomt 21 Tomt 23 Tomt 24 Tomt 25

Tomt 26 Tomt 34 Tomt 36 Tomt 37

IMG_1239.jpg

IMG_1240.jpg