Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Det er ein elefant i barnehagen

Det er ein elefant i barnehagen

Det er ein elefant i barnehagen er ei humoristisk og spanande bok om jakta på elefanten i barnehagen. Maren høyrer ein rar lyd. Det er ikkje ein vanleg barnehagelyd. Kan det vera ein … elefant? Dei vaksne seier at det ikkje finst elefantar i barnehagen, men kva kan lyden elles vera? Maren er sikker – det må vera ein elefant i barnehagen. Og den elefanten skal ho finna.

Bjørn T. Bøe arbeider som barnehagepedagog, og det er tydeleg at han kjenner miljøet han skriv om. Han skriv om barnehagekvardagen på eit vis som gjev stor attkjenningseffekt i lesargruppa. Det at borna kan finna den gøymde elefanten i illustrasjonane – ein elefant personane i boka aldri finn – er dessutan eit spanande val som opnar for fine samtalar og aktivitetar i lesestunda. Er det til dømes eit elefantauge som kikar ut frå ventilasjonssystemet? (Nynorskbok)

Keeperen og havet

Keeperen og havet

Boktips frå Nynorsksenteret:

Ytterdøra vår small så det rista i heile huset, og så følgde eit frykteleg brak og roping. – Søren salte!

Slik startar Keeperen og havet. Med futt og fart, i det ytterdøra smell etter Lena så familien Danielsen Yttergård er usikre på om det er ein naturkatastrofe som har råka dei, eller om det er Lena Lid som har kome heim frå ferie. Det er som om det var i går vi møtte Lena og Trille sist, i boka Vaffelhjarte. Vi kjenner saltvasslukta frå Knert-Mathilde med ein gong når Lena brasar inn i gangen med heile sitt energiske vesen og er tilbake. Endeleg tilbake!