Etablerarprøve (serveringslova)

Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad og serverer mat/drikke (eksempelvis restaurantar, pub/bar, kaféar, kiosk/gatekjøkken, bensinstasjonar, mobile vogner), må ha bestått etablerarprøve etter Lov om serveringsvirksomhet. (Dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkoholloven).

Etablerarprøven skal sikre at den ansvarlege for ein serveringsstad har nødvendig kunnskap om økonomistyring og lovgiving som er av betydning for drifta.

Kunnskapsprøve (alkoholloven)

Den som skal vere styrar, vikar for styrar og kontrollør må ha dokumentert kunnskap om alkoholloven og bestemmingar gitt i medhald av den. Kunnskapskravet er oppfylt ved bestått kunnskapsprøve. Ved søknad om ny løyve må styrar og vikar for styrar ha bestått prøven før løyve kan bli gitt.

Det er tre typar kunnskapsprøver:

  • for salsløyve (alkoholhaldig drikk i gruppe 1) – eksempelvis butikkar
  • for skjenkeløyve (alkoholholdig drikk i gruppe 1, 2 og 3) – eksempelvis restaurantar, pub/bar, utestad
  • for kontrollørar

Alle som ønsker det kan få avlegge prøve.

Om prøvene

Læremateriell for etablerarprøven er utarbeidd av VINN-senteret i Narvik (Veiledningsinstituttet i Nord-Norge) og må bestillast av den enkelte.

Gyldig legitimasjon må visast fram på prøvedagen.

Når prøven er avlagt vil kandidaten få informasjon om den er bestått eller ikkje. Brev med informasjon om resultat frå prøven blir sendt til kandidaten, og ved bestått prøve vil eit kunnskapsbevis bli lagt ved.

Gebyret på prøven er kr 400,-. Dette kan enten bli fakturert i etterkant eller betalt med Vipps i resepsjonen på prøvedagen. Kunnskapsbevis blir ikkje utstedt før gebyret er betalt.

Hjelpemiddel

  • Etablerarprøven: berre tillate med lovsamling som innbyggartorget har til utlån.
  • Kunnskapsprøve: berre tillate med ordbok.
  • Mobiltelefon er ikkje tillate under prøven.

Klageadgang

Det er ikkje klageadgang i samband med etablerarprøven og kunnskapsprøvene, men alle kan ta prøven opp att så mange ganger det er behov for. Det må betalast nytt gebyr for kvar gang.