• SLT er ein modell for samordning og ikkje eit aktivitetsprogram. Målet er å få meir ut av allereie i gangsette tiltak ved at forskjellige sektorar støttar og utfyller kvarandre sitt arbeid. Særleg fokus: Barn og unge.
  • Organet er eit samarbeid mellom dei to kommunane og politiet, der kvar kommune har ei koordineringsgruppe/undergruppe lokalt. I Luster er det Familieforum.
  • Organet er forankra i kvar kommune ved ordførarane og representant(ar) frå administrasjonen,  politiet ved regionlensmann og kvar kommune sin politikontakt.

Det er avtalt å halde 4  møte i året og det har etter kvart blitt eit godt organ for informasjonsutvikling mellom politi og kommune. Referata frå møta er offentlege.

Politirådsavtale og Handlingsplan 2020-2023

 

Politikontakt

Som følgje av Nærpolitireforma vart det oppretta ein ny funksjon «politikontakt» i alle kommunar. Politikontakt er eit bindeledd mellom kommunen og politiet mellom anna for å få etablert eit godt førebyggande arbeid. Målet er at politi og kommune skal samarbeide tettare og meir systematisk. Politikontakten er politiet sin daglege kontaktledd med kommunen, og rådgjevar innan kriminalitetsførebyggande arbeid. Det er inngått gjensidig forpliktande avtale om arbeidet mellom kommunen og politiet.