Under finn du link til kommunekart der alle reguleringsplanane i kommunen kan sjåast i sjølve kartløysinga. Du må zoome inn til den staden du er interessert i, for planane vises ikkje på oversiktskartet. Så vel du Kartlag og Plandata.

Link til www.kommunekart.com

Slik finn du fram til reguleringsplanane

Merk: Planane er lagt inn slik dei vart vedteke i kommunestyret. Det kan ha vore gjort mindre endringar og gitt dispensasjonar som ikkje kjem fram i planen du ser på kartet. Du finn endringar og føresegner ved å trykke på den aktuelle planen. Nyare endringar og dispensasjonar vil du også finne. Sjå rettleier over.

 

Reguleringsplanar er detaljerte planar med tilhøyrande føresegner som regulerer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader, for bestemte område i kommunen. Planane kan omfatte eit eller fleire formål. Det er to typar reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering. Områderegulering blir brukt av kommunen der det er behov for meir områdevise avklaringar av arealbruken. Den mest brukte reguleringsplantypen er detaljregulering.

Private aktørar har rett til å fremje framlegg til detaljregulering. Les meir i rettleiarane og lovene under.

Du finn ein oversikt over reguleringsplanar under arbeid her

Plan og bygningslova

Reguleringsplanrettleiar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune (2011)

Reguleringsplanrettleiar frå KMD (2018)

Fargeoversikt for reguleringsplan (2018)