Kven avgjer korleis ein faktura blir distribuert?

Kommunen som fakturautstedar kan ikkje påverke korleis kunden får fakturaen, dette styrer kunden sjølv. Fakturasystemet gjer eit oppslag mot dei ulike betalingskanalane i ei prioritert rekkefølgje, og sender fakturaen i den først prioriterte kanalen det får treff i. Rekkefølgja er:

AvtaleGiro

Beløpet blir trekt frå konto utan at kunden treng å gjera noko.

eFaktura

eFaktura er vår mest føretrekte distribusjonskanal pr. i dag, og me vil anbefale alle våre kundar å opprette eFakturaavtale i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kjem kjapt fram, samt at den er ferdig utfylt så du slepp å taste kontonummer, KID og beløp.

Faktura via Vipps

Dette føreset at du brukar Vipps, og har aktivert Vipps Regning inne i appen. Dersom fakturaen kjem på Vipps utan at du veit om at du har valt det, er det fordi du har samtykka i å motta faktura i Vipps når du har lasta ned oppdatering av appen.

Faktura i Digipost / eBoks

For å motta faktura på Digipost/eBoks må du ha oppretta ein digital postkasse hjå ein av desse leverandørane. Dersom du allereie har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen vil desse verta føretrekte før Digital Postkasse.

Faktura som vedlegg i e-post

Ønskjer du å få fakturaen tilsendt som et PDF-vedlegg til e-post, kan du kontakta oss på tlf. 57 68 55 48 / 57 68 55 70 eller på epost . Då får økonomiavdelinga lagt  epostadressa di inn i fakturasystemet. Me må presisera at dersom du har andre digitale kanalar som avtalegiro, eFaktura, Vippsfaktura eller Digital postkasse, vil desse bli føretrekte framfor epost.

Faktura levert i postkassa

Dersom me ikkje får treff i nokon av dei digitale kanalane ovanfor, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidlegare, og 

Purring/Inkassovarsel

Blir utsendt 14 dagar etter forfall.

Oppdeling av faktura

Ta kontakt med økonomiavdelinga, tlf. 57 68 55 48 / 57 68 55 70.