Søknadsfrist for plass i SFO er 1. februar.

Søk SFO-plass

Kommunen har eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. trinn og for barn med særskilte behov 1.-7. trinn. Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå borna. Skulefritidsordninga skal gje borna omsorg og tilsyn.

Luster kommune eig og driv skulefritidsordningane i grunnskulane. I nokre krinsar kan SFO-tilbodet verta samordna med barnehagetilbodet. Rektor har det overordna pedagogiske og administrative ansvaret for SFO.

Foreldre/føresette må søkja om SFO-plass på den skulen eleven går på. Dersom du som forelder har spørsmål om SFO-tilbodet, ta kontakt med rektor ved skulen der barnet ditt går / skal gå.
 

Opningstid
SFO si opningstid varierer mellom dei ulike skular/oppvekstsentra grunna ulike timeplanar ved skulane. Som følgje av dei ulike opningstidene i SFO er det også skilnad i kva plassalternativ som vert tilbydd i dei ulike krinsane. Opningstidene på den einskilde SFO er oppført nedanfor.

Gratis kjernetid
Frå og med hausten 2022 har elevar på 1. trinn krav på 12 timar gratis SFO per veke. Kostpengar er ikkje inkludert i denne ordninga. Regjeringa har føreslege at frå og med hausten 2023 vil ordninga med gratis kjernetid også gjelda elevar på 2. trinn.  

Barn med særskilde behov har rett til SFO-tilbod frå 5.-7. trinn. Dette tilbodet er gratis. Kostpengar er ikkje inkludert i denne ordninga og må betalast utanom.

Betalingssatsar og moderasjonsordningar
Betalingssatsane for SFO vert fastsett årleg av kommunestyret i samband med årsbudsjettet.
Det vert betalt for opphald i 9,5 månader. Betalingsfrie månader er halve juni, heile juli, halve august og halve desember. Det er eigen dagsats for kommunen sitt SFO-tilbod i skuleferiar, på elevfrie / inneklemde dagar og på sommar-SFO. Dagsatsen for 2023 er kr 294,-.

Dersom elevar på SFO har leksehjelp er det frådrag timane med leksehjelp. I 2023 er frådraget kr 27 per time. 

Frå og med 2023 er det 30 %  moderasjon dersom ein har to barn i SFO og/eller barnehage.
Ved to søsken i SFO og/eller barnehage vert det gjeve 50 % moderasjon. Konkret vert ordninga praktisert slik at barn nr 2 får 30 % moderasjon og barn nr 3 (det eldste barnet) får 50 % moderasjon.


Lenke til prisliste SFO (PDF)

Oppseiing
Oppseiing / endring av plass i SFO skal gjerast med 1 månads varsel med verknad frå den
1. i påfølgande månad. Skriftleg oppseiing skal gjerast gjennom Visma Flyt Skole.