Hjort.JPGDet er opna for jakt på hjort, elg, rådyr og rein i Luster. Kommunen har ansvaret for forvaltninga av hjort, elg og rådyr. Før ein kan gå på jakt på disse tre viltartane må kommunen først godkjenne det aktuelle området som eit jaktvald, og det vert stilt krav til minimumsareal, avgrensing og form.

Godkjende vald får tildelt fellingsløyve utan årleg søknad.

Søknadsfrist

1. mai både for godkjenning av nye vald, og endring av eksisterande.

Søknadsskjema for godkjenning/endring av jaktvald

Luster kommune ønskjer å leggje til rette for ei lokal, langsiktig forvaltning med næringsmessige og rekreasjonsmessig nyttiggjering av viltressursane i kommunen. Kommunen skal difor sikre at bestanden av storvilt ikkje fører til skade og ulempe for andre samfunnsinteresser.