Løkjane utleigebustader.JPGAlle kan i prinsippet søkje om å få leige gjennomgangsbustader, men det vert føreteke ei behovsvurdering ved tildeling av denne typen bustad. Maksimal leigetid er i utgangspunktet 3 år. Luster kommune sine retningsliner for tildeling av kommunale bustader vert lagt til grunn for tildeling.

Biletet syner dei nyaste utleigebustadane i Gaupne, Løkjane bustadsameige.


Kontakt Servicetorget,
Gunnlaug Saur
tlf. 57 68 55 17

Privat utleigar - varsling om utkasting
Etter husleigelova kan ein privat utleigar varsle kommunen dersom leigetakaren står i fare for å bli kasta ut. Denne varslingsregelen er lite kjend. Vi ber private utleigarar gjere seg kjende med regelen og oppmodar om å varsle kommunen dersom ein leigetakar står i fare for å bli kasta ut .