Redusert foreldrebetaling

Frå 1. januar 2023 må samla brutto årsinntekt vere lågare enn 550.000 kroner for at du kan søkje om redusert foreldrebetaling

 

Gratis kjernetid 

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart, i familiar med samla brutto årsinntekt under 615 590 kroner kan søkje om 20 timar gratis barnehage pr veke. For barnehageåret 2023/2024 gjeld gratis kjernetid for barn som er født 2018, 2019, 2020, 2021.Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har delt eller heil barnehageplass.

For at søknaden skal bli behandla før faktura for august vert sendt ut, må søknaden vere sendt innan 1. juni.

Søknadskjema finn du i Føresetteportalen

Du kan søkje gjennom heile året, eit vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid vil normalt gjelde frå månaden etter at fullstendig søknad er motteken og ut barnehageåret.

Luster kommune hentar ut inntektsopplysningar frå siste års skattemelding. Du treng difor ikkje legge ved siste skattemelding.

Er den noverande inntekta annleis enn det som kjem fram i skattemeldinga, må dette dokumenterast. Dokumentasjonen kan vere lønnsslipp eller utbetalingar frå NAV.

Hugs at du må sende søknad om redusert foreldrebetaling for kvart barnehageår!

 

Når du er logga inn i søknadsportalen kan du velje språk ved å trykke på pil ved namnet ditt.

Viss det er spørsmål til ordninga eller du treng hjelp til søkje så ta kontakt med barnehagekonsulent Oddbjørg Ese, telefon 57 68 55 20 eller e-post: oddbjorg.ese@luster.kommune.no