Eg vil delta

Ønskjer du å:

  • Finne aktivitetar som passar for deg?
  • Finne ut kva som skjer i helga?
  • Komme i gang med trening?
  • Treffe andre som likar handarbeid?
  • Finne på noko på onsdagskvelden?

På Friskus kan du enkelt finne den aktiviteten som passar for deg, og som er i nærleiken av der du bur! Du kan enkelt melde deg på den aktiviteten du sjølv ønskjer, eller berre møte opp!
For å melde deg på aktivitetar må du registrere deg i Friskus, det gjer du her.

Eg vil vere frivillig

Vil du gjere ein innsats for andre? Å jobbe som frivillig er meiningsfullt, kjekt, sosialt og kompetansegjevande.

Kven kan vere frivillig?

  • Du som vil bruke fritida di til å hjelpe andre
  • Du som har blitt pensjonist og opplever at dagane blir litt lange
  • Du som er ung og vil auke livserfaringa di gjennom kontakt med andre menneske
  • Du som er arbeidssøkar og ønskjer å gjere noko meiningsfullt
  • Du som ønsker å vere eit medmenneske

For å delta som frivillig må du registrere deg i Friskus, det gjer du her.
Til nokon av dei frivillige oppdraga må du få godkjenning frå arrangøren.

Eg vil opprette gruppe for mitt lag/organisasjon

Frivillige lag og organisasjonar i Luster kommune kan opprette grupper for sine organisasjonar. De må ha eit organisasjonsnummer for å opprette gruppe i Friskus.
Dette er gratis. Trykk her for å lage ei gruppe.
Her fyller du inn opplysningar i søknadsskjema om ditt lag eller organisasjon og trykker send. Søknaden blir behandla i løpet av eit par arbeidsdagar, og du får tilbakemelding på søknaden på e-post. 

I gruppa kan du no legge ut aktivitetar og frivillige oppdrag. 

Kontaktpersonar i kommunen

Trine Anita Systad
Mob: 99 59 19 77
Epost: trine.anita.systad@luster.kommune.no

Elisabeth B. Orrestad
Mob: 97 52 86 99
Epost: elisabeth.bondevik.orrestad@luster.kommune.no

Linda Goldmann
Mob: 47 01 36 90
Epost: mailtogoldmann@yahoo.com