Luster kommune ligg der Europas lengste fjord Sognefjorden, møter dei tre nasjonalparkane Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Luster kommune er ein av dei største kommunane i Sør Noreg, 2700 km2.

Kulturtradisjonar
Kulturlivet i Luster har lange tradisjonar. Luster vart tidleg valt som senter for både nasjonal og internasjonal aktivitet. Heilt attende til 1300-talet er Luster omtala som sete for kongen sitt private sendebod til Island. I fleire hundreår vart Luster og særleg Kroken eit senter for gjester og besøkande. Også i dag er det stor kulturaktivitet i kommunen, både gjennom organisasjonslivet og kulturskulen.
 
Næringsliv
Jordbruk har tradisjonelt vore den viktigaste næringa i kommunen med kjøt og mjølkeproduksjon. I dag er Luster den største sauekommunen i Sogn og Fjordane. Fruktdyrkinga har minka, men til gjengjeld har jordbær og bringebærproduksjonen auka sterkt. Luster er i dag ein av dei kommunane som leverer mest bringebær i landet.
For natur- og kulturinteresserte er Luster eit eldorado. Reiselivet er difor vorte ei viktig næring, med godt utbygde hotell, gjesteheimar, pensjonat, campinganlegg og hytteutleige.
Det er og stor produksjon av vasskraft i Luster kommune. Dei største anlegga er eigde av Statkraft (Jostedalen) og Hydro (Fortun). I Gaupne er det bygd opp fleire moderne verksemder innafor industriell næring. Største verksemda i kommunen er Avery Dennison NTP AS, som utviklar og produserer merke (transfers) for bekledning.
Luster satsar på å vere ein aktiv part i utviklinga av næringslivet i kommunen, og har lagt til rette med næringsareal. I tillegg kan etablerarane nyte godt av næringsfondet som er bygd opp etter dei mange og store kraftutbyggingane i kommunen.
 
Bygdene i Luster
Luster kommune har mange bygdesamfunn.

Gaupne er kommunesenteret med gode servicetilbod og eit veksande næringsliv. I Gaupne ligg òg rådhuset og kommuneadministrasjonen. 
Bileter: #Gaupne, #Gaupnefjorden, #Gåpn, #Lustrabadet

Veitastrond er ei god jordbruksbygd med geitehald som spesialitet. Bygda er også kjent for å ha fått luftputebåt som framkomstmiddel om vegen vert stengd av snøras.
Bileter: #Veitastrond, #Veitastrondi, #Veitastrondsvatnet

Solvorn er med sitt kjende strandsitjarmiljø ei av dei best bevarte fjordbygdene - med eit bygningsmiljø som er nasjonalt kjent.
Bileter: #Solvorn#Strandsitjarbygda, #WalakerHotell

Marifjøra vart til liks med Solvorn bygt opp i ei tid med sjøvegen som kommunikasjonskanal, og har også eit verdifullt bygningsmiljø.
Bileter: #Marifjøra, #Tørvis

Bygda Luster ligg også ved fjorden. Her ligg Dale kyrkje ei vakker steinkyrkje frå 1240-talet. For mange er bygda også kjend for Luster Sanatorium - Harastølen, tuberkulosesanatoriet som var i drift frå 1902 til 1958. Bygningane har seinare vorte brukt til psykiatrisk sjukeheim og asylmottak, men dei siste åra har dei stått tome.
Bileter: #Harastølen,  ​#Børestein#Dalsdalen#DaleKyrkje,

Skjolden er endepunktet for Sognefjorden. Her er det bygd ny cruisekai som vart teken i bruk i 2010.
Bileter: #Skjolden, #SkjoldenCruisekai 

Fortun har store kraftanlegg som Hydro eig. Her startar og Sognefjellsvegen - Nord-Europas høgste fjellovergang og Noregs første nasjonale turistveg.
Bileter: #Fortun, #Sognefjellsvegen

På Ornes finn du Urnes stavkyrkje som er verdas eldste. Ho står på UNESCO si liste over dei mest verneverdige kulturminna i heile verda.
Bileter: #Ornes#UrnesStavkyrkje

Jostedalen er mest kjend som brebygda. I Jostedalen kjem det mange brearmar frå Jostedalsbreen ned i bygda. Nigardsbreen er den mest kjende, her er det dagleg guida breturar i sesongen.
Bileter: #Jostedalen, #Jostedalsbreen, #Nigardsbreen

Hafslo er ei god jordbruksbygda som minner mykje om ei austlandsbygd med slake hall ned mot Hafslovatnet. Hafslovatnet er eit svært godt fiskevatn. På Heggmyrane er Sogn sitt flottaste skianlegg, Sogn Skisenter.
Bileter: #Hafslo, #Hafslovatnet, #Heggmyrane, #SognSkisenter