Fysioterapeuten gjer ei vurdering / undersøking og tilpassar opplegg til pasienten individuelt eller i gruppe. Tenesta har tilbod til personar i alle aldrar.

Fysioterapitenesta består av kommunalt tilsette fysioterapeutar og fysioterapeutar i privat praksis som har driftsavtale med kommunen.

Du treng ikkje tilvising frå lege for å gå til fysioterapeut. Alle over 16 år betalar eigenandel etter fastsett takstplakat.

Kontakt fysioterapeut

Ved behov for fysioterapi tek du sjølv direkte kontakt med ein av fysioterapeutane i privat praksis.

Dei kommunalt tilsette fysioterapeutane prioriterer born og eldre med behov for fysioterapi på grunn av nedsett funksjonsevne, samt andre med meir samansette problemstillingar.

Namn Stad Telefon Epost
Leiing:      
Kari Ingeborg Bukve Helsesenteret 907 70 028  kari.ingeborg.bukve@luster.kommune.no
Kommunale:      
Linda Hermansen Gaupne omsorgssenter/Luster omsorgssenter 989 03 837 linda.hermansen@luster.kommune.no
Erik Sannebro Hafslo omsorgssenter/Gaupne omsorgssenter 482 20 024 er-sanne@outlook.com​
Laila Kjærvik
(Barnefysioterapeut)
Helsestasjon 478 08 961 laila.kjervik@luster.kommune.no
Kristin Wasshaug Gaupne omsorgssenter 989 03 839 kristin.wasshaug@luster.kommune.no
Turnusfysioterapeut Gaupne Omsorgssenter/Friskhuset 989 03 840   
Privat praksis:      
Bjørn Kalstad Friskhuset 410 04 664 bjorn.kalstad@luster.kommune.no
Erik Sannebro Hafslo omsorgssenter 482 20 024 er-sanne@outlook.com
Jori Skorve Friskhuset 922 54 577 Skorvej@gmail.com
Tor Jervan Staarvik Friskhuset 408 46 803 staarvik.fysioterapi@gmail.com​
Stine Rebni Bjørk Helsesenteret 997 02 485 stine.rebni.bjork@luster.kommune.no 

 

Fysioterapi brosjyre pdf.

Eigenandel - frikort

Eigenandelstak for frikort for helsetenester er i 2024 på 3165 kroner. I oppteninga til frikort er det inkludert eigenandeler frå behandling hos lege, fysioterapeut, psykolog, poliklinikk, laboratorium og røntgeninstitutt. Det kan også gjelde enkelte andre behandlingar og legemiddel på blå resept.

Born frå 0-16 år og yrkesskada betalar ikkje eigenandel for fysioterapi.