Luster kommune skal revidere kommuneplanen sin arealdel. Denne planen angir hovudtrekka i arealdisponeringa og sett rammar og vilkår for nye tiltak som skal settast i verk. Kommuneplanen styre til dømes kor det skal byggast nye bustader, fritidsbustader eller næringsetableringar, kor tett og høgt det skal byggast i dei ulike områda, og kva område som skal utviklast først.

Revisjon av arealdelen er ein omfattande prosess. Det er sett av rundt eit år til planarbeidet, med omfattande medverknad på nyåret 2023. Informasjon rundt planarbeidet og møtetidspunkt vil bli lagt ut på denne sida etterkvart. I vedlagt bilde finn du ein skissering av planprosessen.

På lenkene under finn du informasjon om planarbeidet og den gjeldande verjonen av kommuneplanen. 

Sjå planprogram   Referat frå bygdemøte  Gjeldande kommuneplan    Se innspel