Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Barnevern

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sogn barnevern er eit interkommunalt samarbeid om barnevernstenestene i Luster og Sogndal. Barnevernet held til i Sogndal.

Gå til Sogn barnevern si heimeside

Kva gjer barnevernet?

Dei fleste barn får god omsorg heime hos foreldra sine, men av og til kan det vere vanskeleg for foreldra å få det heilt til, til dømes om dei har ein vanskeleg livssituasjon. Då kan barnevernet vere til god hjelp.

Kva gjer barnevernet?

Hovudoppgåva til barnevernet er å hjelpe til slik at barn og unge får omsorg, tryggleik og gode høve til å utvikle seg. Barnevernet kan mellom anna gi råd og rettleiing og skaffe støttekontakt, barnehageplass, besøksheim og tilbak som kan avlaste foreldra i heimen. Å ta frå foreldra omsorga for barnet er alltid siste utveg, og barnevernet prøver som regel fleire andre tiltak før dei gjer det. Det er omsynet til kva som er best for barnet, som avgjer kva hjelp og støtte familiane får.

Sogn barnevern er eit interkommunalt samarbeid om barnevernstenestene i Luster og Sogndal. Barnevernet held til i Sogndal.

 

Fosterheim

Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på eit barn som for ein periode ikkje kan bu hjå foreldra sine

Nokre gonger er det foreldra som i samarbeid med barneverntenesta bestemmer at eit barn skal bu i fosterheim. Andre gonger er det Fylkesnemnda for barnevernsaker som avgjer dette etter forslag frå barnevernet.

Fosterheimtenesta i Sogn og Fjordane

Besøksheim

Å vera besøksheim inneber å ta imot barn/ungdom ei eller fleire helgar per månad. Besøksheim er ei støtte til familiar med særleg tyngjande/utfordrande omsorgsoppgåver.

Ein besøksheim er også ein stad der barn/unge som treng det kan koma for å få miljøforandring i ein trygg og forutsigbar familiesituasjon. Besøksheimen kan vera ein familie med eller utan born, gifte, sambuarar eller einslege. Dei må ha hjarterom og husrom til å ta i mot eit ekstra barn.

Oppdragstakar må lika å vera saman med barn og unge og villig til å bruke ein del av si fritid på dette. Ein må ha evne til å leva seg inn i og forstå barnets behov og reaksjonar, og evne til å skapa stabilitet og tryggleik for barnet.

  • Ein må vera tolerant og fleksibel samstundes som ein må vera i stand til å setja klare grenser.
  • Ein må kunna ta utfordringar og takle konfliktar som kan oppstå. Ein må vera påliteleg og ha evne til samarbeid.
  • Det må ikkje vera rusproblem, psykiske problem, eller store livskriser hos oppdragstakar.
  • Ein må kunna setja av faste tider til samvær med barnet.
  • Oppdragstakar skal som hovudregel ha fylt 18 år, og må kunna binda seg for minst eit år. Oppdragstakar må levera politiattest.

Kontakt

Besøksadresse:
Dalavegen 2, 2. etasje

Postadresse:
Postboks 243, 6851 Sogndal

Vakttelefon dagtid: 97 50 60 95

Telefon merkantil: 99 28 60 21

Ved akutte hendingar utanom kontortid ringer du barnevernsvakta på telefon 400 22 988, eller du kan nytte «Alarmtelefon for barn og unge» telefon 116 111 (open heile døgnet)

Publisert