Alle personar som har fylt 16 år og som ikkje er registrert i Jegerregisteret, skal ha godkjend jegerprøve før dei kan starte jakt eller fangst. Personar som er fast busett i utlandet treng ikkje ta jegerprøva dersom dei kan dokumentere at dei fyller vilkåra for å drive tilsvarande jakt i landet dei bur.

Jegerprøva består av eit obligatorisk kurs og ein skriftleg eksamen. Eksamen kan takast frå den dag vedkomande har fylt 14 år.

Luster Jakt- og Fiskelag arrangerer det obligatoriske jegerprøvekurset. Dette startar vanlegvis i januar. Når du har gjennomført kurset, kan du melde deg opp til eksamen.
Påmeldingsblankettar for skriftleg eksamen får du hjå Landbruk og naturforvaltning v/fjelloppsyn Runar Hatlevoll. Han kan også gi nærare informasjon om eksamen. Når du har greidd eksamen vert du registrert i jegerregisteret i Brønnøysund, og får tilsendt jegeravgiftkort. 

Forskrift om utøvelse av jakt og fangst dat. 22. mars 2002 nr. 150.