Smittevernarbeidet har som målsetjing å sikre befolkninga vern mot smittesjukdommar ved å førebyggje dei og motvirke at dei vert overførde i befolkninga, dessutan motvirke at slike sjukdommar vert førde inn i eller ut av kommunen. Med smittesjukdommar meiner vi her alvorlege smittsame sjukdommar som er definerte som allmennfårlege sjukdommar.

Smittevernplanen er et verktøy for Luster kommune for å ivareta sine oppgåver før, under og etter eit utbrot av alvorlege smittsame sjukdomar. Planen er laga i web-format og linkar der det er mogeleg til kontinuerleg oppdaterte helseressursar slik at ein sikrar at informasjonen er ajour. Den viktigaste kjelda til oppdatert informasjon i denne samanhangen er Smittevernvegleiaren til Folkehelseinstituttet. Luster kommune vil i sitt smittevernarbeid halde seg til den nasjonale Smittevernvegleiaren, justert for lokale tilhøve.

 

Smittevernplan    Pandemiplan