Korttidsutlån

Luster har eit kommunalt hovudlager med enkle hjelpemiddel for korttidsutlån. Føremålet med korttidsutlån er å sikre at alle innbyggjarane som har behov for hjelpemiddel i ein tidsavgrensa periode og/eller i ein overgangsperiode, kan låne desse. Desse hjelpemidla kan lånast inntil 3 månadar. Om du har behov for forlenging av lånetida kan du ta kontakt for å avtale dette.

Døme på hjelpemiddel til korttidsutlån:

  • Dusjkrakk
  • Toalettforhøyer
  • Rullator
  • Transportrullestol
  • Preikestol/ underarmsrullator
  • Krykkje
  • Sokkepådrager
  • Gripetang
  • Mm.

Det kommunale hovudlageret ligg i den gamle brannstasjonen i Gaupne, og vert drifta av ATS ved Paul Fransen. Hovudlageret skal ha hjelpemiddel til korttidsutlån som lagervare (jf. døme i lista over). Slike hjelpemiddel kan hentast eller leverast ut måndag – fredag, klokka 09.00 – 15.00, etter avtale med Paul Fransen.

Langtidsutlån

Personar som har varig- (over 2 år) og vesentleg redusert funksjonsevne på grunn av sjukdom, skade og/eller medfødt lyte, kan få stønad til hjelpemiddel frå folketrygda. Hjelpemidlane vert da lånt ut frå NAV sin hjelpemiddelsentral i fylket (Førde).

Helsepersonell må i slike tilfelle dokumentere behovet for hjelpemiddel. Oftast er det ergoterapeut, fysioterapeut, heimetenesta eller anna helsepersonell som vurderer kva type hjelpemiddel du kan ha nytte av, og grunngjev søknaden til NAV.

Hovudlageret i Gaupne er lokalt mottaksstad for hjelpemiddel som kjem frå NAV sin hjelpemiddelsentral, og leveringa til hovudlageret er normalt kvar torsdag. Kor lang tid det tek frå søknad om hjelpemiddel er sendt, til det vert motteke på hovudlageret, er avhengig av kor lang tid NAV bruker på handsaming og oppfølging av søknaden.

Når hjelpemiddel er motteke ved hovudlageret, vil det bli levert ut så snart som råd. Det kan òg avtalast at brukar hentar hjelpemiddel sjølv. I akutte tilfelle vil utlevering skje straks. Det vil bli gjort avtale med deg om tidspunkt for levering.  

Hjelpemiddeltenesta vil syte for utlevering, montering, tilpassing mm, og retur av hjelpemiddel innvilga av NAV, kostnadsfritt for brukar. 

Innlevering av hjelpemiddel

Om du ikkje har behov for hjelpemiddel lenger, skal det leverast tilbake. Hjelpemiddel skal vere reingjort ved innlevering, og skal leverast til leverast til hovudlageret i Gaupne. Du kan ringe Paul Fransen for å avtale innlevering.  

Reparasjon/service

Har du hjelpemiddel som treng reparasjon kan du kontakte Hjelpemiddeltenesta ved Paul Fransen. Er det akutt og du treng reparasjon utanom opningstid av hjelpemiddel utlånt frå NAV, som kan sette deg i ein naudsituasjon dersom hjelpemiddelet ikkje fungerer, kan du ringe 40 70 28 14 eller 99 15 80 08. Meir informasjon på nav.no

Tryggleiksalarm

Om du treng ein alarm for å kunne tilkalle hjelp heime, kan du få tryggleiksalarm.
Tryggleiksalarm består av ein basestasjon og ein smykkesendar. Ved behov for assistanse kan du trykke på smykke og det blir automatisk oppringt til døgnbemanna responssenter. 

Tenesta vert gjeve i private heimar og omsorgsbustader. Dette er i utgangspunktet eit servicetilbod og er ei betalingsteneste. Tryggleiksalarmen er tilknytta mobilnettverket som gjer at du ikkje treng fasttelefon for å kunne ha alarm. Tryggleiksalarmen er kopla opp til Alarmsentralen IKS. Ved utløysing av alarm tek alarmsentralen direkte kontakt med deg, eventuelt vert alarmen vidarevarsla til den som står først på kontaktlista. Det kan vera pårørande, nabo eller heimetenesta.

Utfyllande informasjon om søknad og prisar finn du her.

Behandlingshjelpemiddel

Behandlingshjelpemiddel nyttast for å betre pasienten sin medisinske tilstand og er ein del av behandlingskjeda innanfor spesialisthelsetenesta. Behandlinga skjer ved bruk av utstyr utanfor sjukehus, mellom anna i heimen til pasientane, på skule og i barnehage og på kommunale institusjonar. Behandlingshjelpemidla er eigd av helseføretaket og blir lånt ut til pasientar etter søknad frå legespesialist. 

Helse Førde - seksjon for behandlingshjelpemiddel, tlf.: 57 83 15 40 / 90 17 46 44

behandlingshjelpemiddelordninga@helse-forde.no

Syn

Ved nedsett syn kan du ha behov for spesialtilpassa hjelpemiddel. For å få synshjelpemiddel må du ha hatt ei utredning av augelege eller anna spesialist som t.d. optikar. Det er fastlegen som tilviser til augelege ved behov.

Luster kommune har eige synskontakt som kan hjelpe til med:

  • Vurdering av behov
  • Råd, rettleiing og ev utprøving av hjelpemiddel
  • Tilvising til rett fagperson   
  • Hjelp til søknadsprosessen
  • Opplæring i bruk
  • Samarbeid med brukarorganisasjonar

Synskontakt i Luster kommune er Bjørn Ove Nytun Leirdal og kan kontaktast på tlf. 57 68 57 12

eller e-post: bjorn.ove.nytun.leirdal@luster.kommune.no

Høyrsel

Ved nedsett høyrsel kan du ha behov for spesialtilpassa hjelpemiddel. For å få høyreapparat må du ha hatt ei utredning hjå øyre, nase, hals spesialist. Tilvising til utredning får du frå fastlegen.

Andre enklare høyrsel tekniske hjelpemiddel er ikkje avhengig av utredning hjå spesialist, men kan søkast om direkte hjå NAV Hjelpemiddelsentralen Vestland.

Luster kommune har eige høyrsel kontakt som kan hjelpe til med:

  • Vurdering av behov
  • Råd, rettleiing og ev utprøving av hjelpemiddel
  • Tilvising til rett fagperson   
  • Hjelp til søknadsprosessen
  • Opplæring i bruk
  • Samarbeid med brukarorganisasjonar

Høyrselskontakt for vaksne i Luster kommune er Bjørn Ove Nytun Leirdal som kan kontaktast på tlf. 57 68 57 12 eller e-post: bjorn.ove.nytun.leirdal@luster.kommune.no

Høyreapparat

Luster kommune har eigen høyreapparatkontakt som kan hjelpe med opplæring i enkelt vedlikehald på høyreapparat.

Høyreapparatkontakta er Oddny Nornes som kan kontaktast på tlf. 57 68 57 03 eller e-post: oddny.nornes@luster.kommune.no