I statuttane for tildelinga står det mellom anna: «Prisen som årets bedrift er ei honnørutmerking. Prisen vert delt ut til ei bedrift som på ein positiv måte har utmerka seg. Prisen kan gå til etablerte føretak og nyetableringar».

Ordførar Ivar Kvalen delte ut prisen med desse orda:

I år 2023 går prisen til eit relativt nytt føretak. Verksemda har markert seg ekstra godt no siste året, med stor satsing og mykje positiv omtale. Årets bedrift i 2023 er Bøtun på Lambhaug. Eg vil be eigarane og drivarane Mathilde og Martin Buch Larsen om å komme fram.

Kvifor har så Bøtun fått denne utmerkinga:

Garden Bøtun er lokalisert ved Lambhaug på Indre Hafslo. I 2012 kjøpte Mathilde og Martin som begge er frå Danmark garden og starta med sau i 2014. I 2017 bygde dei nytt fjøs for sauer og satsa og på utegris. Frå dag ein har dei dyrka grønsaker til eige bruk.
I 2020 satsa dei så på omlegging til grønsak og urteproduksjon for sal. I 2022 bygde dei nytt bygg for produktforedling av grønsaker, kursverksemd, yoga og bespisning.

Dei produkta dei tilbyr i dag er:

  • Dei sel abonnement på grønsakskasser levert ein gong i veka
  • Dei sel grønsaker og urter til hotell og restaurantar i Sogn
  • Dei tilbyr kurs i hagebruk, matforedling og kosthald
  • Dei produserer sjokolade der dei nyttar eigne urter og blomar
  • Dei skal ha open kafe to dagar i veka, der dei sel eigne produkt
  • Dei har tilbod om omvisning i hagen
  • Dei har yogakurs
  • Dei produserer snittblomster til bryllaup og andre tilstellingar


Eg kan fortelje at nett i dag har dei laga og levert ei kake til eit bryllaup her i kommunen til 80 personar. Kaka er pynta med spiselege blomar som fargemessig matchar brudebuketten, som dei og har laga.

Dei driv økologisk produksjon og har nett fått «økologisk gullmerke for servering», og då må 90 % av råvarene dei nyttar i si servering vere økologisk. 

Omsetninga har vakse greitt dei siste åra og det er imponerande at 3.5 mål grønsak- og blomsterhage kan gje grunnlag for over 3 årsverk.

Framover vil eigarane av Bøtun halde fram med å utvikle produkt rundt hagen sin.
Dei planlegg å auke kursaktiviteten og selje meir av foredla hageprodukt. Dei vil og investere i meir utstyr for sjokoladeproduksjonen.
Reiselivsproduktet; omvisning i hagen og smak av produkta i kafeen vil det og bli satsa på.

Bøtun fekk i sist veke melding om at dei er tekne opp i Innovasjon Norge sitt nasjonale Vekstprogram. I det ligg midlar til vidare utvikling og det er og ei fjør i hatten for Bøtun sin måte å tenkje på.

Til slutt: Bøtun er ei innovativ verksemd innafor landbruket i Luster kommune. Det er viktig for ein kommune å ha verksemder med god kunnskap, som tenkjer nytt og som satsar i den lokale og regionale marknaden. Vi veit Mathilde og Martin har fleire planar.

Lukke til med arbeidet framover.