ATS "The movie"

Filmen vart laga i perioden 2002 - 2003, og presenterer medarbeidarar og oppgåver ved ATS i Luster med "eit glimt i auga". Dette er ein fantastisk arbeidsplass for mange yrkeshemma medarbeidarar, og filmen vart ma. laga som ei motvekt til det ein på den tida opplevde som unødig problematisering og stigmatisering av tilbodet. Musikken som er brukt er :
  • "Slipp mine fløyter fri" følgjer John Havellen gjennom filmen (instrumental med SKRUK og fløytespelarar frå Andesfjella)
  • "Rakafisk med lauk og lefse" kan stå som eit apropos til menyen ved kantina (Hellbillies)
  • "Fem fyrer fyrer med ved" set oss i rette stemninga når vedproduksjonen mm. skal presenterast(Vazelina Bilopphøggers).
God fornøyelse!