Emergency preparedness - information in different languages

Eigenberedskapsveka 2023 blir gjennomført frå måndag 30. oktober til søndag 5. november.  Eigenberedskapsveka blir arrangert av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i samarbeid med kommunar, statsforvaltarar og sivilforsvarsdistrikt over heile landet.


Øv på krisehandtering

På sikkerhverdag.no kan du testa eigenberedskapen din gjennom fire enkle øvingar som alle kan gjennomføra på mobilen. I tillegg får du der mange gode tips til korleis du kan få dekt grunnleggjande behov i ein krisesituasjon

Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de skal handtera det. Øving skaper medvit og gir kunnskap og trening. Det gjer at me står betre rusta til å koma oss gjennom små og store kriser.

 

I denne filmen frå eigenberedskapsveka 2022 finn du mange praktiske råd om kva ting du bør ha på lager.


Du er ein del av beredskapen i Noreg

Ved store hendingar og kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritera hjelp til dei som treng det mest.

Det vil seia at mange innbyggjarar må vere førebudde på å måtte klara seg sjølve i nokre dagar ved straumbrot, viss dei mistar tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/Internett er nede – eller det blir vanskeleg å koma seg ut for å handla.

Ved å vera førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

 

Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?

Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.

Vi som bur i Noreg – eitt av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.