Sidan den svarte Subaruen har blitt flytta frå ein kommunal eigedom til ein anna kommunal eigedom, ser me varselet som motteke, men ikkje oppfylt. Bilar som blir flytta frå ein kommunal eigedom til ein anna kommunal eigedom etter etterlysing vil bli fjerna utan vidare varsling. 

Avregistrerte bilar er rekna som avfall i medhald av lov om vern mot forureining og om avfall (forurensningsloven) § 27, og skal leverast til godkjent mottak etter avregistrering. Kommunen som ureiningsmynde kan i medhald av forurensningsloven §§ 37 og 74 utføre oppryddinga på eigar si rekning.