1. Sårbare område
Høgfjellsområda over tregrensa, med unntak av stølsområda, må skjermast mot snøskutertrafikk. I einskildsaker skal det takast spesielle omsyn til trekkvegar, beite- og kalvingsplassar for villrein, samt andre viltinteresser. Det skal også takast omsyn til eventuelle friluftsinteresser.
2. Traseval
Transport skal i størst mogeleg grad føregå langs ubrøyta veg eller etter kortast mogeleg trase mellom bilveg og endepunkt for transporten. I område der snøskuterkøyring skjer regelmessig, bør ein leggja vekt på å nytta faste trasear som er til minst mogeleg ulempe for naturmiljø og friluftsliv.
3. Tidspunkt for køyring
- på søndagar og helgedagar
- i perioden 24. desember til 1. januar
- i perioden skjærtorsdag til og med 1. påskedag
- i perioden 1. mai til 1. desember
- Unnatak: Ervervskøyring (leigekøyring) er lov på søndagar, påskeafta og 2. påskedag, i tidsrommet kl. 13:00-20:00, i perioden 1. mars-30. april.
4. Ervervsmessig køyring
5. Rørslehemma
Rørslehemma som søkjer løyve etter §5b i Forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag, skal imøtekommast med løyve i alle tilfelle der dei lovfesta vilkåra som gjeld søkjar og behov er til stades. Normalt skal ikkje løyvet vera avgrensa i høve talet på turar. Kommunen kan setja vilkår for val av trasé.
6. Dispensasjon, delegering