Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Kunngjeringar og høyringar

Her finn du kommunale planar og andre saker som er lagt ut til offentleg ettersyn.

Dette kan vere offentleg ettersyn med heimel i plan- og bygningslova eller fordi kommunen ønskjer å få innspel eller merknader til ei sak.
Dersom du ynskjer å kome med innspel kan du gjere dette på vårt elektroniske høyringsskjema.

I oversikta under finn du aktuelle kunngjeringar og planar som ligg ute til offentleg ettersyn.

Ny Fortun transformatorstasjon - høyring

Statnett SF har søkt om konsesjon for bygging av ein ny transformatorstasjon i Fortun. Orienteringsmøte i Fortun grendahus måndag 13. mars kl. 19. Høyringsfrist: 03.04.23.

Framside søknad Fortun nye transformatorstasjon

Eigedomsskatt

Eigedomsskattelista for 2023 (kun kraftverk) vart lagd ut til offentleg ettersyn 27. feb og ligg ute i 3 veker på rådhuset i Gaupne. Klagefristen er 11. april.

Pengar hus

Kommunedelplan for buffersone Urnes Verdsarvområde 2023-2024 Plan-ID 2023001

I medhald av Plan og bygningslova § 11-14, jf §11-1 og 5 har Formannskapet / Kommuneplannemnda i Luster i møte 01.02.2023 i sak 11/23 vedteke å leggje framlegg til «Kommunedelplan for buffersone Urnes Verdsarvområde 2023 – 2024» ut til offentleg ettersyn og sende planframlegget over til aktuelle fagorgan for vurdering. Høyringsfrist 27. mars 2023.

Urnes bilde

Kommuneplanen sin arealdel

Luster kommune skal revidere kommuneplanen sin arealdel. I samband med planprosessen invitera me til bygdemøte rundt i heile kommunen.  

Dette er ein tidsplan for arbeidet med arealdelen av kommuneplanen

Kommunedelplan for naturmangfald

I møte 7. desember 2022, sak 159/22, vedtok formannskapet å leggje kommunedelplan for naturmangfald ut til offentleg ettersyn. Høyringsfrist 24. mars 2023.

Naturmangfald fotomontasje planter landskap
1