Bakgrunnsinformasjon:
Dersom ei vassprøve har så høgt innhald av termotolerante koliforme bakteriar og/eller fekale streptokokkar at vatnet vert sett til ikkje akseptabel vasskvalitet gjennomfører Luster kommune ei vurdering, i tillegg til å ta nye, oppfølgjande prøver. Det er særleg målingar av tarmbakteriar (vesentleg e-coli) og intestinale enterokokkar som seier noko om badevasskvaliteten. Kontroll av badevasskvaliteten blir gjennomført av den enkelte kommune etter «Forskrift om miljørettet helsevern» (Lovdata). Prøvane er tekne etter ”Vannkvalitetsnormer for friluftsbad”.

Vurderingsgrunnlaget for vasskvaliteten ved friluftsbad er gitt i tabell 1 under:

Parameter

God

Mindre god

Ikkje akseptabel

Termotolerante koliforme bakterier/100 ml

< 100

100-1000

> 1000

Intestinale enterokokkar (fekale streptokokkar) /100 ml

< 100

100-1000

> 1000

 

Følgjande resultat frå målingane 21.juni: 

Dato/Stad

21.061

21.062

17.07

17.07

 

 

 

 

Kvalitet ved sist måling

Skjolden

99

<10

42

40

 

 

 

 

God

 

Luster

<10

<10

64

50

 

 

 

 

God

Solvorn

<10

<10

<10

10

 

 

 

 

God

 

  1. Termotolerante koliforme bakteriar (e-coli)
  2. Intestinale enterokokkar  (fekale streptokokkar)

Det er ikkje naudsynt med særlege tiltak då resultata er på akseptabelt nivå.