Leiar i Luster mållag Oddmund Hoel delte ut prisen til Radio Luster v/Kristen Ormberg og Finn Skare.

Prisen skal gå til verksemder, institusjonar, organisasjonar eller personar med tilknyting til Luster som gjer eit framifrå arbeid for å fremja god nynorsk og dialekt.

Jury for prisen er styret i Luster mållag.

Radio Luster hadde si fyrste sending valdagen i 1985 og har såleis halde det gåande i 30 år. Det er verdt ein pris i seg sjølv. Dei fleste nærradioane som dukka opp i 1980- og 90-åra, vart døgnfluger, og nokre få utvikla seg til kommersielle radioar. Radio Luster er i den vesle og eksklusive gruppa med radioar som har drive ein mannsalder på dugnad, og attpåtil i bygde-Noreg.

Når Radio Luster får Målprisen, er det for god dialektbruk gjennom alle desse åra. Radioen har hatt ein stad mellom 150 og 200 medarbeidarar på desse 30 åra. Når ein snakkar på radio, tenkjer ein betre etter enn til vanleg korleis ein formulerer seg og kva ord, former og talemåtar ein nyttar. Slik har Radio Luster vore ein skule i god og medviten dialektbruk for medarbeidarane, til glede for dei mange lyttarane i kommunen. Radioen har òg hatt mange medarbeidarar som har vore opptekne av språk og dialekt, og som har gjort dette til tema i sendingane.

Det må òg framhevast at Radio Luster har vore viktig for å auka den lokalpolitiske interessa i Luster. Ein viktig bakgrunn for skipinga av radioen var informasjonsbehovet i samband med Breheimenutbygginga, og radioen har heile vegen teke opp aktuelle saker og i mange år hatt faste sendingar frå kommunestyremøta. Slik utgjer radioen i dag ein viktig del av det lokale folkestyret, og godt språk og godt folkestyre er to sider av same sak.  

Prisen er som før eit foto frå fjellheimen vår, teke av Frank Smedegård.

Me vonar de held fram på same gode vis i minst 30 år til og ynskjer til lukke med Målprisen 2015!

 

Gaupne, 13. juni 2015

 

Styret i Luster mållag

 

Oddmund L. Hoel

leiar

 

Stein Bugge Næss       Ann Kristin Sperle      Ragnhild Ås     Eldbjørg H. Fossøy