Ingunn seier følgjande om sin bakgrunn:

"Eg har studert medisin ved Universitetet i Oslo. På sommarjobb som hyttevert på Fannaråkhytta, trefte eg ein heimekjær sogning. Dette førte til at eg søkte sjukehusturnus i Førde og kom til Luster som turnuslege. Eg heldt fram som fastlege her frå 2009. Eg har hatt kommunal bistilling som tilsynslege, først ved Gaupne og sidan ved Luster omsorgssenter. I 2012-2013 jobba eg ved Kirurgisk klinikk i Førde på Kvinneklinikken. Eg har vore spesialist i allmennmedisin frå 2017.

Frå 2018-2022 var eg tilsett som assisterande fylkeslege hos Statsforvaltaren i Vestland. Hovudoppgåvene mine var handsaming av klagesaker, tilsyn, førarkortsaker, oppfølging av tvangsvedtak både innanfor psykiatri og somatikk og generell rådgiving om helselovgivinga opp mot pasientar og helsepersonell. Eg var også noko involvert i beredskap, smittevern og miljøretta helsevern.

Frå hausten 2022 har eg vore attende som fastlege i Luster kommune, og arbeida i 20 % stilling med samfunnsmedisinske oppgåver i kommunen. Eg har også ei bistilling hjå Statsforvaltaren der eg mellom anna har ansvar for grupperettleiing av LIS1-legane i fylket. Eg er snart ferdig spesialist i samfunnsmedisin.

Eg gler meg til å ta fatt på stillinga som kommuneoverlege!"