Illustrasjonsbilete§9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette vil alle tilsette på skulen ha ansvar for.

Det vert no tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og at reglane skal gjelda både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

Elevar eller føresette som treng nokon å snakka med om uro kring det psykososiale miljøet eller mobbing, kan snakka med kontaktlærar eller rektor på den einskilde skule. Du kan også kontakta helsesyster på telefonnummer 57 68 56 06.

Fylkesmannen
Dersom elev eller føresette seier frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen har føresette lov å påverka. Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke, kan eleven eller foreldra kontakta fylkesmannen. Fylkesmannen vil då avgjera om skulen har gjort det dei skal. Viss ikkje kan fylkesmannen bestemma kva skulen skal gjera for å sikra elevane sine rettar.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Ein trygg skuledag utan mobbing

Mobbeombod i Sogn og Fjordane
Frå august 2018 er mobbeombodet i Sogn og Fjordane eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Mobbeombodet i Sogn og Fjordane heiter Aina Drage. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

Kontaktinformasjon mobbeombod:
Mobil: 918 79 092                 
E-post Aina.Drage@sfj.no 
www.facebook.com/mobbeombodetsfj
www.sfj.no/mobbeombodet

 Andre aktuelle nettstader:

Utdanningsdirektoratet si informasjonsside til barn, unge og føresette om mobbing og rettar: https://www.udir.no/nullmobbing/

Senter for IKT i utdanningen si nettside om personvern, nettvett og digital dømmekraft:
http://www.dubestemmer.no/