Haugen  har ein bachelor i medie- og dokumentasjonvitskap frå UiT med fordjuping i bibliotekfaglege emne. Bacheloroppgåva dreidde seg om skulebiblioteket på vidaregåande skule og korleis ein skapar leselyst for ungdom i den alderen. I dag arbeider Synnøve med ungdomsarbeid ved kulturfabrikken Sortland. Oppstartdato vert medio februar.  Haugen seier om den nye stillinga at «Eg ser fram til å kome til ein ny plass og møte nye folk og kollegaer. Eg ser fram til å jobbe i biblioteket, jobbe med litteratur og formidling.»

Kommunalsjef for oppvekst, Knut Åge Teigen, ønskjer Haugen velkomen til Luster og seier: «Me ser fram til å få Synnøve på plass. Biblioteket er ein viktig del av Lustrasamfunnet, ein stad der folk kan hente inspirasjon, informasjon og læring, ein stad for kulturelle og litterære opplevingar, ein stad som bidreg til leselyst. Dette vil Synnøve bidra til saman med resten av kollegiet på biblioteket.»