Dei får også besøk frå Folkehelse v/ungdomsarbeidarar m.fl. Då får Uk informasjon og kome med innspel til  ungdomsklubbar, om Rocket-Man, om Flexid og ferieaktivitetar. Uk skal også drøfte kulturutveksling, informasjon i Lustranytt og status Luster ungdomstaxi.

Lenke til UK sitt møte 25. august

Lenke til møtekalender og saksdokument alle utval

 

Er du interessert i å vere med i nytt UK?

19. oktober skal det veljast nytt Ungdomen sitt kommunestyre for 2 år.  Skular, parti, 4H og idrettsrådet har frist til 25. september med å kome med forslag på medlemer. Det nye kommunestyret vel UK. Medlemene kan veljast frå 8. klasse til og med siste året som lærling/vidaregåande, men kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet den 19. oktober.
Er du interessert i å vere med? Meld di interesse på skulen din, til partiet ditt, idrettslaget. Då kan du bli føreslegen som medlem.