Føremål og føresetnader for å få stipend:
- Ungdommen sitt kommunestyre (UK) si stipendordning har som føremål å støtta yrkesretta kompetanseutvikling eller anna utvekslings- / læringstiltak for ungdom frå Luster kommune i alderen 16 - 19 år.
- Det vert ikkje gitt stønad til utgifter som vert dekka av skule eller andre stipendordningar.
- For at søknaden skal bli vurdert, føreset det at søkaren oppfyller alle kriteria og brukar søknadsskjema som må vera riktig utfylt og med alle nødvendige dokumenatsjonar som vedlegg.
- NB! Attesterte kopiar av orginalkvitteringar (kvittering frå nettbank o.a.) må ligge ved søknaden.

Det kan søkast støtte til:
- Yrkesfaglege kurs (døme; truckførarkurs)
- Utvekslings- /læringstiltak (døme; skuletur for medieklasse t.d. til London for å besøke BBC)

Det kan gjevast støtte til:
- Kursavgift
- Reiseutgifter, unnateke opphald/overnatting og diett

Stipendbeløpa: Opplæringsstipend blir delt inn i to grupper;
- Gruppe 1 - Yrkesfaglege kurs - Gruppe 2 - Utvekslings- og læringstiltak
Maksimalt beløp for dei to gruppene er - Gruppe 1 - Tilsegn om max kr. 2.000,-  - Gruppe 2 - Tilsegn om max kr. 5.000,- Stipendet blir først utbetalt når du har gjennomført opplegget og lagt fram kvitteringar for utgifter.

Krav til søknaden:
- Stadfesting frå skule/opplæringsinstitusjon.
Faktiske utgifter må dokumenterast med attesterte kopiar og orginalkvitteringar (kvittering frå nettbank o.a.) Forventa utgifter kan dokumenterast med stadfesting frå utdanningsstad der det kjem fram kva for utgifter søkar har forplikta seg til.
- Dokumentasjon av alle utgifter i tillegg til dokumentasjon på kva utdanningsstaden eller andre dekker.
- Dersom utdanningsstaden ikkje dekker noko, skal også dette dokumenterast.

 

Søknadsfrist: Det er to søknadsfristar pr. år: - 1. mars og 1. oktober.
Send gjerne inn søknaden i god tid før fristen

Link til søknadsskjema finn du her.