Kommunestyret har vedteke eigedomsskatt i heile kommunen jf. esktl. § 3 bokstav a) frå og med skatteåret 2018.

Alminneleg skattesats er 7 promille av skattegrunnlaget. For bustader/våningshus og fritidseigedomar som ikkje er definert som næring, er skattesatsen 2,25 promille av skattegrunnlaget. Kommunestyret har vedteke eit botnfrådrag på kr 200.000 pr. bueining for bustad-, landbruk- og fritidseigedomar. Skattesetel som syner takst og skatt vert sendt i eiga melding.

Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt har vedteke rammer og retningsliner for taksering av eigedomar.

  • Eigedomar som har formuesgrunnlag frå Skatteetaten har fått berekna eigedomsskatt ut frå Skattetaten sin bustadverdi. Sjå informasjon og klagereglar.
     
  • Eigdomar som ikkje har formuesgrunnlag frå Statteetaten har kommunen taksert etter synfaring. Sjå informasjon og klagereglar.

Utlegging til offentleg ettersyn
Lista viser dei skattepliktige eigedomane med opplysningar om adresse, gards- og bruksnummer, eigedomsskattetakst, botnfrådrag, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp.

Faktura for eigedomsskatten kjem i 2 terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd, forfall 15. april og 15. september.

Skjema for klage på eigedomsskattetakst