Arrangørar var Lene Nornes Madsen, SFO-koordinator ved Hafslo barne- og ungdomsskule og Gry Anita Sviggum, SFO-koordinator ved Gaupne skule. SFO-koordinator-stillingane var nye i haust og etablert for å styrka administreringa av dei to største SFO-ane i kommunen.    

På programmet denne planleggingsdagen stod digitalt foredrag om seksuelle overgrep og vald mot barn, «Frå bekymring til dom», case-presentasjonar og spørsmålsrunde med politikontakt Stein Helge Selland. Etter lunsj var det presentasjon av kvar SFO i kommunen og gruppearbeid med erfaringsdeling om arbeidet på SFO.

Dei to arrangørane var godt nøgde: «Eg hadde det kjekt på den felles planleggingsdagen», seier Lene Nornes Madsen, «Det var kjekt å kunne samlast, dele erfaringar og knyte band mellom dei ulike SFO-avdelingane».

Gry Anita Sviggum opplevde det same: «Eg har berre fått positive tilbakemeldingar frå mine kollegaer. Det var nyttig med temaøkta om vald og seksuelle overgrep. Dette er eit tema me aldri blir utlærde i. Håpar at dette var starten på eit godt og årleg kommunalt samarbeid på tvers av einingane

Kommunalsjef oppvekst, Knut Åge Teigen, var innom planleggingsdagen og fortalde litt om stoda når det gjeld SFO, bemanning og barnetal: «Aldri før har det vore så mange barn og tilsette i SFO som det er akkurat dette året. På to år har tal barn i SFO nesten dobla seg. Dette skuldast innføringa av gratis kjernetid; 12 timar gratis SFO per veke for 1. og 2. trinn. Frå hausten vil denne ordninga også gjelde elevar på 3. trinn. Då vil truleg meir enn 200 barn i Luster gå på SFO. Dette betyr at SFO vert ein stor del av kvardagen for endå fleire barn i kommunen vår. At dei tilsette på SFO samlast, deler erfaringar og set fokus på viktige tema er veldig verdifullt.
Ikkje minst med tanke på oppvekstsentra der det kanskje berre er ein eller to tilsette på SFO, så er det ekstra flott å ha ein slik felles arena som denne planleggingsdagen var.»

 

Gruppearbeid

Gruppearbeid