Kva likar du best med barne- og ungdomsarbeidarfaget?

Det beste med barne- og ungdomsarbeidarfaget er å få oppleva barn si meistring og sjå korleis dei utviklar seg. Det å kunne jobbe med og hjelpe barn som treng ekstra støtte, og også vere ei støtte for deira føresette, er veldig givande. Det er ingen dag som er lik, og eg tykkjer det er kjekt å ha mange ulike og varierte arbeidsoppgåver. Eg er i hovudsak i 1. klasse og på SFO, men går inn andre stadar når det trengst. Eg tykte det var veldig kjekt å få brukt kompetansen min som danseinstruktør til å gjennomføre eit danseopplegg med fleire klassar på mellomsteget.

Du har vore lenge i praksis på SFO. Kva er spennande med SFO?

Det spanande er at me kan gjere så mykje forskjellig, spesielt på SFO i feriane. Me kan t.d. reise i Lustrabadet, reise til fjells eller ta ein tur på dei ulike stiane i bygda, vere ute med ulike vinteraktivitetar, danse i aulaen, ha frileik, lage mykje forskjellig mat og bake. Me har fokus på å gje barna mange ulike matopplevingar og gjerne introduserer dei for ny mat. Me markerte samane sin nasjonaldag med å lage gahkko, samisk brød.

Korleis er det å vera lærling i Luster kommune, synest du?

Det er veldig givande og kjekt. Det er berre å spørje foreldra mine, dei har berre høyrt skryt frå meg om dette! Lærlingane får god opplæring, både på arbeidsplassen og hjå Sogn Opplæringskontor. Dei fleste vel å ha den lengste perioden i læretida si i barnehage. Eg var frå byrjinga av fast bestemt på at eg ville ha lengst tid på skule, og det er det beste valet eg har gjort. Eg vil anbefale andre til også å ha lengre praksis i skule for å få eit enno betre innblikk i korleis det er å jobbe der.

Kva har du lyst å gjera når du er ferdig som lærling?

Planen er å gå vidare på påbygg i Årdal. Eg ynskjer å bli lærar og halde fram med å jobbe i skulen. Det er veldig trygt å ha eit fagbrev i botnen, då har eg alltid noko å falle tilbake på. Eg er glad for at eg valde Y-vegen. Lærlingtida har gjett meg mykje praksis og erfaring, og eg har lært mykje om born si utvikling frå 0-18 år. Gjennom læretida mi har eg også jobba tett på elevar med ulike diagnosar. Alt dette trur eg vil vere til veldig god hjelp når eg går vidare til lærarstudiet.