Gruppene er leia av fysioterapeut og held til på arbeidsstova på omsorgssenteret.

Det er felles aktivitet og øvingar med tanke på balanse og beinstyrke, deretter sosialt samver med kaffi og mat. Det vil blir tatt omsyn til smittevern og avstandskrav etter gjeldande føringar.

Pris:
Tilbodet kostar 50 kr per gong for mat og trim.

Tidspunkt:
Gaupne Omsorgssenter: Måndagar kl. 13.30 - 15.00 (oppstart 25.01.21)
Hafslo Omsorgssenter: Måndagar kl. 13.30 - 15.00 (oppstart 25.01.21)
Luster Omsorgssenter: Tysdagar kl. 13.30 - 15.00 (oppstart 26.01.21)


Gratis transport:
Har du behov for transport kan du ringje Servicetorget i Luster Kommune tlf. 57 68 55 00 (opningstid kl. 09.00 - 15.00).
Siste frist er kl. 15.00 dagen før (for gruppene i Gaupne og Hafslo er det opning for å ringje kl. 09.00 måndag morgon)

Påmelding:
Grunna smittevern ønskjer me påmelding til ansvarleg fysioterapeut (gjerne SMS).
Hjarteleg velkomne!

Ansvarlege fysioterapeutar:
Linda Hermansen 989 03 837 (Luster og Gaupne)
Erik Sannebro 482 20 024 (Hafslo)

Ved spørsmål kan du også kontakte Kari Ingeborg Bukve 98903839