Gruppene er leia av fysioterapeut og held til på arbeidsstova på omsorgssenteret.

Etter trimmen er det tid for kaffi, mat og «svadl».

Pris: Tilbodet kostar 50 kr per gong for mat og trim.


Gratis transport:

Du ringer Servicetorget i Luster kommune tlf. 57 68 55 00 (opningstid kl. 09.00 - 15.00) for å bestille transport. Siste frist er kl. 15.00 dagen før.

Balansetrening tid og stad
Stad Vekedag - tid Held på kor lenge
Gaupne Omsorgssenter  Måndag kl. 13.30 - 15.00 til og med veke 20 – bortsett frå i vinterferien (veke 8) og påskeveka.
Luster Omsorgssenter Tysdag kl. 13.30 - 15.00 til og med veke 20 – bortsett frå i vinterferien (veke 8) og påskeveka.
Hafslo Omsorgssenter Onsdag kl. 12.00 - 14.30 til og med april – bortsett frå påskeveka.

   
Høyrest dette kjekt ut? Ta kontakt, eller berre møt opp!

Ansvarlege fysioterapeutar:
Linda Hermansen 989 03 837 (Luster og Gaupne)
Erik Sannebro 482 20 024 (Hafslo)
Kari Ingeborg Bukve 57 68 56 20


Velkommen!

Betre balanse 2018 Gaupne.jpg