Vel kameravinkel

I Kommunestyresalen er det fleire kamera. Du kan difor velje ulik kameravinkel på sendingane frå møta som er strøyma frå Kommunestyresalen. Knapp for desse finn du nede til venstre i strøymebiletet. 

Vel kamera.png

Votering

Når ein bruker digital votering i eit møte, kan du sjå resultatet av avstemminga når denne er gjennomført.

  • På høgresida av sjølve strøymebiletet ser du alle dei politiske sakene.
  • På kvar sak viser ei oversikt over dei ulike voteringane.
  • Du kan hente fram detaljane i kvar votering, for å sjå kva dei ulike medlemmane har stemt. Det gjer du ved å klikke på linja med forslaget.

Votering.png

 

Votering 2.PNG

 

Forslag

Sakene blir tilgjengelege når dei blir publisert på heimesidene til kommunen. Det vil seie ei veke før møtet.

Når ein medlem legg inn eit nytt forslag på ei sak, blir dette tilgjengeleg med det same. Du kan sjå om det har kome inn fleire forslag ved at det står eit anna tal enn «1» oppe til høgre som her:

forslag.png

Kven sa kva?

I etterkant av møtet, kan du sjå innlegga til dei enkelte medlemmane på kvar sak. Du går inn på saka, så klikkar du på innlegga og så vidare på den enkelte medlem.

I dømet under ser du at det var 18 innlegg på ei sak. 

Innlegg.PNG

 

Vel språk

Nedst på sida kan du velje språk, ved å klikke på aktuelt flagg. 

 6sMoKY 3xU 3AAAAAElFTkSuQmCC