Temaet på denne første samlinga var klasseleiing, variasjon i undervisninga og foreldresamarbeid. Hovudmålet med samlingane er å ha eit forum der ein kan hente inspirasjon og erfaringar frå andre i same situasjon og diskutere aktuelle problemstillingar.  

Ansvarleg for samlingane er Dagfinn Hovland som er kommunal ressurslærar i begynnaropplæring og som i tillegg koordinerer kommunale fagnettverk.
Luster kommune samarbeider også med HVL om dette kurstilbodet der Dorthea Sekkingstad vil vera med på seinare samlingar. Sekkingstad har bidrege på samlingane for nyutdanna fleire gonger før og har tidlegare framheva kor avgjerande det er at dei nyutdanna vert møtt og følgt godt opp i byrjinga av lærarkarriera. Gjennom rettleiing og oppfølging av dei nyutdanna kan kommunen som skuleeigar og arbeidsgjevar hjelpa dei nyutdanna til å lukkast og trivast i eit krevjande, mangfaldig og spennande yrke.

Til saman skal det gjennomførast fire samlingar for dei nyutdanna og nytilsette lærarane. I tillegg får også dei nyutdanna rettleiing på eigen arbeidsplass og redusert undervisning med 6 % i samsvar med nasjonalt avtaleverk.