Føremålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.

Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære.
 

Døme på aktuelle tiltak:

• Sanke- og skiljeanlegg
• Bruer dimensjonert for dyr og folk
• Sperregjerder for å sikre at dyr ikkje kjem over i farleg område
• Gjetarhytter/sankehytter
• Elektronisk overvakingsutstyr

Mindre tiltak og lett omsettelege varer vert normalt ikkje støtta.


Rettleiande timesatsar for eige arbeid

• Manuelt utført eige arbeid (inkl. motorsag o.l): 350 kr/ time
• Bruk av traktor : 600 kr/ time
• Gravemaskin: 800kr/ time (eller etter rekning)
Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda og tilskotsramma.


Søknad

Søknadsskjema skal leverast elektronisk gjennom Altinn. Hugs nødvendige vedlegg som kart, ev. løyver, kostnadsoverslag og finansieringsplan. Søknader som kjem på e-post vert ikkje handsama.

Det er kommunen som forvaltar ordninga og gjer vedtak om tildeling til beitelaga. Midlane skal forvaltast i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder (FOR-2013-02-04-206). Me minnar om at beitelaga ikkje bør spara på tildelte midlar då dette strir mot ordninga sitt føremål.